Tilbake til Mount Morris Park
Summer of Soul er ein umisteleg musikkdokumentar av beste sort.
Musikkfestivalen Harlem Cultural Festival i 1969 vert vekt til live i Questloves nye dokumentarfilm.
Film
Regi: Ahmir «Questlove» Thompson
Summer of Soul (... Or, When the Revolution Could Not Be Televised)
USA 2021
Allereie idet artisten plasserer seg ved tangentane, kan ein merkje kor intens og fokusert den 36 år gamle Nina Simone er, og så framfører ho «Backlash Blues» som om ho rettar kvart ord til kvar og ein som har møtt fram – og oss som ser på no, alle desse åra seinare.
Scenen er å finne i Summer of Soul, ein konsertfilm som har vorte teken imot med panegyriske omtalar sidan premieren på Disney + for eit par veker sidan. Det er ingen grunn til å protestere mot alt skrytet. At denne filmen må føre med seg ein musikkfilmhistorisk revisjon, er det etter mitt syn liten tvil om.
Opptaka som utgjer storparten av Summer of Soul, er frå ein musikkfestival som føregjekk over nokre helger i Harlem i New York i 1969, og det eine høgdepunktet følgjer det andre. Ansvaret for å leie oss gjennom alt og kontekstualisere med ulike arkivklipp og intervju av nyare dato har hiphopartisten og musikkprodusenten Ahmir «Questlove» Thompson fått, og dette er ei oppgåve han løyser med kløkt, presisjon og stil – og med ein fantastisk lydproduksjon, som er ei oppvisning i den kombinerte, rytmiske bruken av klipp og lyd.
Men så er det jo heller ikkje til å tru at ikkje meir av dette materialet har vorte skikkeleg presentert før, så sterkt som det er. Høgdepunkta kjem tett, med ein Stevie Wonder i storform, og Sly and the Family Stone i fyr og flamme. I ein ugløymeleg duett møter Mahalia Jackson ein ung Mavis Staples, og i ei gripande stund minnest dei to Martin Luther King som vart drepen året før.
Viktig er det også at Staples og son til Jackson, Musa, som berre var ein gutunge, får fortelje om korleis det var å vere der, i Mount Morris Park (også kjend som Marcus Garvey Park i nyare tid), i 1969. Musa Jackson var fire år då han var med på Harlem Cultural Festival, og det å få vere med på hans møte med dei gamle opptaka er noko langt meir enn nostalgisk mimring. Snarare tilfører desse stundene filmen ein sentral sosiopolitisk dimensjon. For Jackson er Hal Tulchins timevis med filmopptak ei stadfesting av at minnet om at noko viktig hende den gongen, ikkje var ein fantasi. Tulchin og medarbeidarane hans hadde fem kamera med seg i Mount Morris Park, og han trudde han hadde det som trongst til ein fantastisk TV-spesial, men alle fjernsynsselskapa takka nei.
Når Questlove løftar opptaka fram i dag, er det dermed ikkje vanskeleg å få auge på implikasjonane. Det turbulente kalenderåret 1969 er allereie festa til celluloid i kanoniserte musikkdokumentarfilmar, som til dømes brørne Albert og David Maysles’ Gimme Shelter, og ikkje minst Woodstock (Mike Wadleigh), som begge kom i 1970. At musikkfestivalen i Harlem, med ei rad ikoniske, afroamerikanske musikklegender, har vorte utskriven, bortgøymd og gløymd, er ein skandale, men diverre også symptomatisk. Som kritikar Caryn James peikar på i ein omtale av filmen for BBC, rettar Summer of Soul seg rett inn mot vår eiga samtid. Tulchin og gjengen var gode til å fotografere ikkje berre artistar, men publikum, og her og der kan ein sjå vakter som ikkje akkurat ser ut som politifolk. Det er fordi Black Panthers stilte opp som sikkerheitsvakter, då både arrangørane og andre hadde mistru til at New York-politiet skulle skjøtte oppgåva på ein tilstrekkeleg god måte.
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Foto: Terje Pedersen / NTB
FHI svikter sitt samfunnsoppdrag
«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»
Foto: Universitetet i Bergen
Nord-Noreg ord for ord
Bak Nordnorsk ordbok ligg livsverket til ein stor kvinneleg språkforskar frå Lofoten. Ho kjempa seg forbi mange hinder, men møtte alltid nye og fekk aldri anerkjenninga ho fortente.
Emilie Enger Mehl avbilda på veg til pressetreff på Grøndland for å presentere Revidert nasjonalbudsjett, 14.05.2024. I budsjettet vert det mellom anna satt av penger til å reversere domstolsreforma. Foto: Javad Parsa / NTB.
Javad Parsa
– Uforståeleg domstolsendring
Sorenskrivar Kirsti Høegh Bjørneset er kritisk til at regjeringa vil reversere domstolsreforma.
Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.
Foto: Anja Bakken
Tru og tvil
Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?