Tidlause tilstandar
Minimalistisk musikk for ein kontemplativ start på året.
Godt nyttår frå den kanadiske landsbygda! Heller enn å starte året med ein rapport frå bøttebasslovedansen eg trampa meg inn i 2019 med, på ein saloon kalla opp etter smørjemiddel for traktormotorar, skal eg fortelje om eit stykke minimalistisk, kontemplativ ambient signert ein artist eg såg inne i storbyen like oppunder jol. 2017 starta med ei melding av ambientveteranen Brian Enos Reflection, 2018 med Eno og Tom Rogersons Finding Shore, så dette byrjar så smått å likne ein tradisjon.
Gave in rest, Sarah Davachis andre album i 2018 og 16. utgjeving sidan 2013, er spelt inn i Montreal, men det var på eit arrangement under den framifrå konsertserien Quiet City i Vancouver at eg fekk sjå og høyre dette kanadiske stjerneskotet traktere synth- og mellotrontangentane live. Davachis komposisjonar er baserte på subtile variasjonar over tid, og Gave in rest byd på både heilsyntetiske overtoneutforskingar og fredsæle stykke for piano, vokal, fiolin og kontrabass. Desse komplekse klangteppa læt som samanvevingar av Eliane Radigues minimalistiske dronar (eller borduntonar) og Pauline Anna Stroms draumeaktige synthvisjonar dekorerte med hint av Terry Rileys orgelvampar, tibetansk meditasjonsmusikk, kyrkjemusikk, mellomaldermusikk og barokk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.