Musikk
Tett på Kevin
Kevin Morby viser at klubbkonserten framleis er den beste rockekonserten.
Det ligg ei eiga glede i å høyre eit verkeleg godt rockeband i ein liten klubb. Kanskje er det berre slik ein kjem tett nok på? Etter ein festivalsesong med mange maratonkonsertar under open himmel kjendest i alle fall det tette trøkket i vesle Landmark, konsertlokalet amerikanske Kevin Morby vitja for nokre dagar sidan då han kom til Bergen, heilt rett.
Morby har fire framifrå plater bak seg og blir berre betre og betre. Likevel er han ikkje større enn at vi kan nyte å høyre han og bandet i eit slikt rom snarare enn i folkehavet på ein eller annan arena eller eit stadion.
Samspel på plass
Landmark, plassert i Bergen Kunsthall, projiserte gatebildet utanfor på eit stort lerret bak scenen, slik at vi vart ståande og sjå på dei som vandra langs Lille Lungegårdsvann denne milde augustkvelden, uvitande om at vi kikka på dei – eit bakteppe som står godt til Morbys urbane rockepoesi på fjorårets fine City Music, som vel halvparten av kveldens songar var henta frå.
Tittelsporet derfrå fekk opne konserten, eit godt val, sidan låten viser korleis Morbys gitarrock kan vere både kontant, effektiv og ekspansiv på same tid. Frå første sekund var samspelet heilt på plass, ikkje minst mellom Morby og gitarist Meg Duffy.
Det velvalde repertoaret, som ser ut til å gå igjen på seinsommarens hektiske Europa-turné, vekslar fint mellom utgivingane til Morby, anten det dreier seg om det hypnotiske tittelsporet på Harlem River (2013), som fekk strekkje seg ut akkurat slik det skal og må, «Parade», frå Still Life (2014), eller songane frå Singing Saw (2016), det første albumet frå artisten på selskapet Dead Oceans – det var tydeleg at mange hadde høyrt «I Have Been to the Mountain» og «Dorothy» (med det feite Stones-riffet!) før. Ein stygg feedback som aldri heilt sleppte taket, vippa ikkje bandet for mykje av pinnen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.