Film

Tett på Cave

Nick Cave tillèt seg eit tilbakeblikk.

Nick Cave fotografert på Paleo-festivalen i Sveits i 2013.
Nick Cave fotografert på Paleo-festivalen i Sveits i 2013.
Publisert

Film

Nick Cave, som faktisk fyller 60 år i september, er populærmusikkens fremste kunstnar i sin generasjon. I vel tre tiår har han vore ein markant og kvalitetskresen artist, med gjennomgåande høg kvalitet på det han har gjort på plate så vel som på scene, og med ei evne til å ta vare på det essensielle i uttrykket sitt, utan å stivne i si eiga form.

Alt dette er rikhaldig dokumentert på nye Lovely Creatures, der Cave tillèt seg å skode tilbake gjennom ei rikhaldig samling med høgdepunkt. Utgivinga skulle eigentleg komme ut for eit par år sidan, men så måtte det vente, sidan livet til artisten og familien vart ramma av den verst tenkjelege tragedien.

Sommaren 2015 fall nemleg Caves 15 år gamle son i døden frå ei klippe i East Sussex, etter å ha teke LSD, og Cave, som på dette tidspunktet arbeidde med albumet Skeleton Tree, bestemte seg forståeleg nok for å la Lovely Creatures vente.

Han bad også Andrew Dominik om å lage ein dokumentarfilm, noko regissøren takka ja til, utan heilt å vite kva artisten såg føre seg. Utgangspunktet viste seg å vere at Cave ønskte å trekkje seg tilbake, og la filmen tale for seg – han orka ikkje tanken på noko PR-opplegg i samband med platelansering etter det som hadde hendt.

Resultatet vart One More Time With Feeling som no er å få tak i på dvd. Der 20,000 Days on Earth (2014, regissert av Iain Forsyth og Jane Pollard) var leikande, fabulerande og kreativ i omgangen med artistens kreative sjølvframstilling, er den nye filmen rammande direkte. Møtet med Cave og hans næraste er konfronterande ukunstla og rått, og ingen vil sjå filmen utan å la seg merkje av det. Den djupaste sorga er lammande, og ikkje mindre for dei som lever for og av kreativt arbeid.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement