Tankar og bøner
Markant politisk sørstatsrock frå Drive-By Truckers.
Drive-By Truckers er eit alternativt rockeband frå Athen i USA.
Foto: Andy Tennile
«Thougths and prayers». Du har kanskje høyrt frasen? Han dukkar opp, i sosiale medium og i kondolansar i andre kanalar, ikkje minst frå politikarar, med kvar ny tragedie. I ein nordamerikansk kontekst har særleg orda raskt dukka opp når nok ei masseskyting flimrar over skjermane, som respons til desse botnlause tragediane som berre latar til å kome med tettare frekvens.
Låtskrivar Patterson Hood i Drive-By Truckers har bite seg merke i denne kanskje ikkje alltid så forpliktande bruken av ord, som nokon har referert til som «slacktivism», for «Thoughts and Prayers» er også fjerde låt på The Unraveling, det ferske albumet frå bandet.
I Hoods hender får frasen noko beiskt og holt over seg, som i ei forflata, automatisert medkjensle med patriotiske undertonar, før han i dei siste verselinene avskriv tankar og bøner som nyttelause. «Thoughts and Prayers» er ein bitande, direkte og kraftfull song.
Avmakt og avsky
The Unraveling, det tolvte studioalbumet frå Drive-By Truckers, følgjer American Band (2016) og er like markant politisk, takka vere grunntonen låtskrivarane og dei formative medlemmane i bandet – songarane og gitaristane Hood og Mike Cooley – valde seg. Der den førre plata peikte fram mot dei siste turbulente åra under Trump, er den nye skriven i vrakrestane, for å sitere bandet sjølv i ei pressemelding.
Det kan vi ta ganske bokstavleg, viser det seg, ikkje minst med «Babies in Cages», som berre ved å mane fram biletet i tittelen gir ord til ei overveldande kjensle av avmakt og avsky. Hood refererer sjølvsagt til Trump-administrasjonens separasjonspolitikk: «Wrapped up in a tinfoil blanket without any shoes/ babies in cages».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.