JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Tankar og bøner

Markant politisk sørstatsrock frå Drive-By Truckers.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Drive-By Truckers er eit alternativt rockeband frå Athen i USA.

Foto: Andy Tennile

3041
20200131
3041
20200131

Rock

Drive-By
Truckers:

The Unraveling

ATO / Border

«Thougths and prayers». Du har kanskje høyrt frasen? Han dukkar opp, i sosiale medium og i kondolansar i andre kanalar, ikkje minst frå politikarar, med kvar ny tragedie. I ein nordamerikansk kontekst har særleg orda raskt dukka opp når nok ei masseskyting flimrar over skjermane, som respons til desse botnlause tragediane som berre latar til å kome med tettare frekvens.

Låtskrivar Patterson Hood i Drive-By Truckers har bite seg merke i denne kanskje ikkje alltid så forpliktande bruken av ord, som nokon har referert til som «slacktivism», for «Thoughts and Prayers» er også fjerde låt på The Unraveling, det ferske albumet frå bandet.

I Hoods hender får frasen noko beiskt og holt over seg, som i ei forflata, automatisert medkjensle med patriotiske undertonar, før han i dei siste verselinene avskriv tankar og bøner som nyttelause. «Thoughts and Prayers» er ein bitande, direkte og kraftfull song.

Avmakt og avsky 

The Unraveling, det tolvte studioalbumet frå Drive-By Truckers, følgjer American Band (2016) og er like markant politisk, takka vere grunntonen låtskrivarane og dei formative medlemmane i bandet – songarane og gitaristane Hood og Mike Cooley – valde seg. Der den førre plata peikte fram mot dei siste turbulente åra under Trump, er den nye skriven i vrakrestane, for å sitere bandet sjølv i ei pressemelding.

Det kan vi ta ganske bokstavleg, viser det seg, ikkje minst med «Babies in Cages», som berre ved å mane fram biletet i tittelen gir ord til ei overveldande kjensle av avmakt og avsky. Hood refererer sjølvsagt til Trump-administrasjonens separasjonspolitikk: «Wrapped up in a tinfoil blanket without any shoes/ babies in cages».  

«21st Century» teiknar eit bilete av eit generisk amerikansk bylandskap prega av dei store kjedene, og difor lik alle andre byar, der folk arbeider livet av seg for å få endane til å møtest, med stadig mindre å rutte med.

Mykje tristesse og agg, altså, kompromisslaust uttrykt i hjartet av Trumps USA, i eit stykke radiovennleg, men subversiv sørstatsrock. Hood er vel trøytt av å høyre det, men han er jo nærast fødd inn i uttrykket, oppvaksen som han er i Muscle Shoals i Alabama, og son av bassist David Hood, som var med på å lage ei rekkje ikoniske rockeutgivingar i den vesle musikkbyen i si tid. Innspelinga er gjort i september 2018 i Sam Phillips Recording Service i Memphis.

Viktig 

Drive-By Truckers står i 2020-utgåva fram som tett og hardtslåande, med Matt Patton på bass, Jay Gonzalez på strengar (og mangt anna) og Brad Morgan på trommer. Fleire gjestar spelar også mindre, men likevel viktige roller, mellom dei Cody Dickinson (North Mississippi All-Stars), som med eit elektrisk vaskebrett i hendene får nett «Babies in Cages» til å høyrest akkurat så uhyggeleg ut som han skal. The Unraveling kjem til å verte ståande som ei av dei viktigaste rockeplatene i 2020.

Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis