Tander triumf

Händel slår ikkje alltid på stortromma i fredsodane sine.

Forhandlingane som førte til Freden i Utrecht i 1713, framstilt på eit kolorert koparstikk frå samtida.
Forhandlingane som førte til Freden i Utrecht i 1713, framstilt på eit kolorert koparstikk frå samtida.
Publisert

Musikk laga til konkrete historiske hendingar har alltid tiltalt meg. Kjenner eg til bakgrunnen, innbiller eg meg liksom å kunna lytta med samtidas øyro; det gjev opplevinga ein tilleggsdimensjon. På det tyske tidlegmusikkensemblet Gaerchinger Cantoreys nye album får me to slike tingingsverk av Georg Friedrich Händel (1685–1759): ein åremålsode og ein fredsode, som begge er knytte til signeringa av Utrecht-freden i 1713. Denne avtalen avslutta den spanske arvefylgjekrigen, som dreidde seg om kven som skulle overta Spanias trone etter at den siste monarken av huset Habsburgs spanske grein – den innavla og evneveike Karl II – døydde barnlaus i 1700.

Det fyrste stykket på plata, «Ode for the Birthday of Queen Anne», blei til på nyåret 1713, året etter at Händel hadde busett seg permanent i London. Til liks med Karl II døydde dronning Anna av Storbritannia barnlaus. Det hadde ikkje med økslingsevna hennar å gjera. Ekteskapet med prins Georg av Danmark avla heile 17 barn, men ingen av dei overlevde barndomen. Slik blei ho til den siste regenten av huset Stuart i Storbritannia.

Fredsæl trompet

Händel, som var i slutten av 20-åra, gjekk i denne tida fullt inn for å gjera engelskmann av seg. Uttrykk for dette er ikkje berre anglifiseringa hans av namnet til George Frideric Handel. I åremålsoden høyrer me òg teikn på ei byrjande musikalsk naturalisering. Eg tenkjer her på den vedunderleg vakre duetten mellom trompet og kontratenor i den rolege opningssatsen «Eternal source of light divine».

Her har Händel teke seg eit tydleg førebilete i hoffodane til forgjengaren Henry Purcell (1659–1695), Englands største komponist nokosinne. «Purcellsk» er dialogen mellom den afroamerikanske kontratenoren Reginald Mobley og den tyske trompetisten Hans-Martin Rux-Brachtendorf, som er så gripande at eg måtte høyra satsen fleire gonger. Komposisjonen feirar dronninga som fredsfyrstinne og er ein genistrek: I barokkmusikken er trompeten krigsinstrumentet som hissar til strid. Men i dette høvet let Händel trompetstemma imitera den linne melodien som kontratenoren framfører fredsbodskapen sin på. Finst der eit vakrare musikalsk bilete på forsoning?

Døyande fløyte

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement