JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Tander triumf

Händel slår ikkje alltid på stortromma i fredsodane sine.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Forhandlingane som førte til Freden i Utrecht i 1713, framstilt på eit kolorert koparstikk frå samtida.

3330
20190823
3330
20190823

CD

Georg Friedrich Händel:

Utrechter Te Deum & Jubilate

Gaerchinger Cantorey; dir.: Hans-Christoph Rademann. Carus 2019

Musikk laga til konkrete historiske hendingar har alltid tiltalt meg. Kjenner eg til bakgrunnen, innbiller eg meg liksom å kunna lytta med samtidas øyro; det gjev opplevinga ein tilleggsdimensjon. På det tyske tidlegmusikkensemblet Gaerchinger Cantoreys nye album får me to slike tingingsverk av Georg Friedrich Händel (1685–1759): ein åremålsode og ein fredsode, som begge er knytte til signeringa av Utrecht-freden i 1713. Denne avtalen avslutta den spanske arvefylgjekrigen, som dreidde seg om kven som skulle overta Spanias trone etter at den siste monarken av huset Habsburgs spanske grein – den innavla og evneveike Karl II – døydde barnlaus i 1700.

Det fyrste stykket på plata, «Ode for the Birthday of Queen Anne», blei til på nyåret 1713, året etter at Händel hadde busett seg permanent i London. Til liks med Karl II døydde dronning Anna av Storbritannia barnlaus. Det hadde ikkje med økslingsevna hennar å gjera. Ekteskapet med prins Georg av Danmark avla heile 17 barn, men ingen av dei overlevde barndomen. Slik blei ho til den siste regenten av huset Stuart i Storbritannia.

Fredsæl trompet

Händel, som var i slutten av 20-åra, gjekk i denne tida fullt inn for å gjera engelskmann av seg. Uttrykk for dette er ikkje berre anglifiseringa hans av namnet til George Frideric Handel. I åremålsoden høyrer me òg teikn på ei byrjande musikalsk naturalisering. Eg tenkjer her på den vedunderleg vakre duetten mellom trompet og kontratenor i den rolege opningssatsen «Eternal source of light divine».

Her har Händel teke seg eit tydleg førebilete i hoffodane til forgjengaren Henry Purcell (1659–1695), Englands største komponist nokosinne. «Purcellsk» er dialogen mellom den afroamerikanske kontratenoren Reginald Mobley og den tyske trompetisten Hans-Martin Rux-Brachtendorf, som er så gripande at eg måtte høyra satsen fleire gonger. Komposisjonen feirar dronninga som fredsfyrstinne og er ein genistrek: I barokkmusikken er trompeten krigsinstrumentet som hissar til strid. Men i dette høvet let Händel trompetstemma imitera den linne melodien som kontratenoren framfører fredsbodskapen sin på. Finst der eit vakrare musikalsk bilete på forsoning?

Døyande fløyte

Det andre stykket på plata, det todelte «Utrecht Te Deum and Jubilate», blei urframført under ei fredsgudsteneste i Londons St. Paul’s Cathedral sommaren 1713. Dronninga må ha vore nøgd, for ho gav Händel 200 pund i livsvarig årleg pensjon. Òg her kling Purcells gamle stil i bakgrunnen, han som sjølv hadde tonesett eit «Te Deum» 20 år tidlegare. Men til skilnad frå Purcell hadde Händel nyutvikla treblåsinstrument til rådvelde, noko som gjev musikken ein rikare klangpalett. Me merkar dette i satsen «We believe that thou shalt come», der ei melankolsk tverrfløyte – eit nytt instrument i England på den tida – framfører sin klagande melodi over eit teppe av bivrande strykarar. Den delikate måten Gaerchinger Cantorey spelar slutten på, er til å mista pusten av: Etter at koret og songsolistane har sagt sitt, andar satsen mest lydlaust ut med éin einskild fløytetone.

Sjur Haga Bringeland

Sjur Haga Bringeland er musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Per Anders Todal

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte
RagnarSandbæk

Barents blues, også et flytende samfunn

Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis