Takk for songane, David!

David Bermans Purple Mountains-plate skulle verte den siste.

David Berman (1967–2019) fekk berre gjeve ut eitt album med det nye bandet sitt, Purple Mountains.
David Berman (1967–2019) fekk berre gjeve ut eitt album med det nye bandet sitt, Purple Mountains.
Publisert

Førre veke sat eg og skreiv på ei melding av ei av sommarens sterkaste utgivingar, nemleg albumet Purple Mountains, då eg tok imot den sørgjelege meldinga om at David Berman, som med det nye bandet sitt hadde teke til å lage musikk under namnet Purple Mountains, hadde gått bort.

Dermed har rocken mista ein av dei sterkaste låtskrivarane sine, og ein sentral lakonikarar. Purple Mountains kom tett på ei bekmørk livskrise, men lokka ofte fram smilet med ein like mørk humoristisk undertone. Etter nyhenda om at Berman hadde teke sitt eige liv, fekk det heile noko beiskt og vondt over seg.

Lakonisk

«I’m starting to suspect/ though I hope I’m incorrect/ that maybe I’m the only one for me», heiter det i ein av songane på albumet. Lina er ikkje utypisk for ei plate som forutan sistesporet «Maybe I’m the Only One For Me» rommar titlar som «Margaritas at the Mall» og «She’s Making Friends, I’m Turning Stranger».

Når ein uttrykksmåte er kort, knapp og konsis, er han lakonisk, og har fått det namnet fordi ungdomen i oldtidas Sparta – hovudstaden i regionen Lakonia – vart lærte opp til å svare slik, fortel leksikalske oppslagsverk.

I populærmusikken har som kjent det inderlege ein særleg plass. Kor mange songar gir vel ikkje rom til dei store kjenslene og dei store faktene? Kanskje er det difor rockens slagferdige lakonikarar kjennest ekstra verneverdige og umistelege, dei som maktar å vere fyndige og råkande innanfor rammene av ein liten song.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement