Ta på meg
Debutalbumet til Ya Tseen er eklektisk, men fokusert.
Nicholas Galanin er mannen bak artistnamnet Ya Tseen.
Pressefoto
«I need your hands on me», heiter det i «Close the Distance», ein sensuell, mjuk poplåt som miksar R&B og element av soul og får nokre ekstra klangbotnar i pandemiens tid.
Sporet kjem midtvegs på albumet Indian Yard, som er første utgivinga frå Ya Tseen.
Politisk orientert
Bak namnet Ya Tseen står Nicholas Galanin, ein markant politisk orientert samtidskunstnar oppteken av verknadene av kolonialismens og kapitalismens herjingar, eit engasjement prega av eiga etnisk tilhøyrsle.
Galanin er fødd i Sitka i delstaten Alaska, der han også bur, og er av urfolksopphav (tlingit og unangax), og han har fått merksemd for måten den aktivistiske tilnærminga hans kjem fram på i ei heil rekkje uttrykk, mellom dei skulptur, video, installasjon og fotografi. Artistnamnet signaliserer livskraft og har bakgrunn i namnet hans på tlingit: Yeil Ya Tseen.
Indian Yard tilfører den rike og breie kunstnarlege aktiviteten fleire nye lag og står i slektskap med tidlegare prosjekt, men representerer også sjølvsagt noko heilt nytt. Sjølv om albumet er debuten for Ya Tseen, har Galanin gitt ut ein god del musikk tidlegare, under alias som Silver Jackson og Indian Agent, og han har samarbeidd med artistar som Meshell Ndegeocello, Tanya Tagaq og Samantha Crain.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.