Systemsjokk

Svimlande ny musikk frå den påliteleg overskridande Haley Fohr.

Publisert

«Brainshift», opningssporet på Reaching for Indigo, det nye albumet frå Circuit des Yeux, ber i seg eit nærast ruvande alvor, med den mollstemte grunntonen og dei illevarslande messingblåsarane. Det dreier seg om ein song om endring, omvelting, om ei kjensle av noko kataklysmisk.

Eit presseskriv signert Haley Fohr, som lagar musikk under namnet Circuit des Yeux, forklarar bakgrunnen for songen. Fohr fortel at ho 22. januar 2016 hadde ei livsendrande oppleving: «Something told me to leave the comfort of my life & make way for something new.» Ho flytta ut av heimen, og etter kvart vart alt annleis: «The world was saying YES for the first time & I was riding its wave.»

Somme lesarar av musikksidene vil kanskje vite at eg har følgt Fohr tett dei siste åra. In Plain Speech (2015) fekk mange rundar i spelaren: Eg vart heilt fanga av det særeigne grepet som denne artisten har om bluesen og jazzen, og slektskapen hennar med eigenrådige kunstnarar som Scott Walker og Laurie Anderson. (Sjekk ut «Dream of TV», eit sentralt spor på albumet.)

I fjor kom så plata Fohr laga under artistnamnet Jackie Lynn, det eigenarta, nyskapande albumet Jackie Lynn, som gjorde ein omtumlande, uredd bruk av nokre av dei sentrale tropane i americanatradisjonen.

Noko heilt unikt

Reaching for Indigo representerer ei tilbakevending til Circuit des Yeux-prosjektet. Fohrs tette samarbeid med Cooper Crain (Bitchin’ Bajas) held fram, og det er ikkje vanskeleg å høyre at dei to har ei kunstnarleg samforståing som gjer dei i stand til å skape noko heilt unikt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement