Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Systematisk dokumentasjon

Knut Hamre har spelt inn alle slåttane til Anders Bonde.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Knut Hamre spela på folkefesten ved bygdetunet då dronning Sonja og kong Harald vitja Granvin 19. juni i år.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

2267
20190927
2267
20190927

Folkemusikk

Knut Hamre:

Slåttar etter Anders Bonde

Ta:lik

Hardingfelespelaren Knut Hamre frå Granvin i Hardanger ligg ikkje på latsida. I fjor gav han ut ein firdobbel CD med slåttar frå heimbygda. Også denne gongen er det eit systematisk dokumentasjonsarbeid som vert servert.

Utvida slåttekunne

Han har spela inn alle slåttar som kan sporast attende til spelemannen Anders Bonde (1850–1936) frå Vang i Valdres, som etter eit mindre vellukka Amerika-opphald hamna i Strandebarm i Hardanger, budde der resten av livet og vart ein svært omtykt spelemann i samtida. Og dei lokale spelemennene sette pris på å få utvida slåttekunna si med nye slåttar, som gjerne stamma frå Valdres. Hovudkjelda til Hamre var Lars Trones frå Norheimsund. I tillegg kom noteoppskrifter frå Arne Bjørndals samling ved Universitetet i Bergen.

Folkemusikkrørsla i seinare tid har gjerne honorert musikarar som dyrkar musikken frå sitt eige område, og det har vore viktig å byggja opp lokal identitet. Difor har gjerne musikk som ikkje passar inn i dette mønsteret, kome i bakgrunnen. Dette har Hamre vilja gjera noko med.

Plate og bok

I tillegg til dei 17 slåttane som er spela inn, er publikasjonen utforma som ei vakker lita bok, formgjeven av designaren Eva Karlsson. Boka har ein innleiande tekst av Jon Fosse der han fortel om grannen som spela slåttar etter «Bonden». Hovudteksten er ein grundig artikkel der John Ole Morken fortel om livet og musikken til Anders Bonde. Alt dette er dessutan omsett til engelsk, og boka er utstyrt med mange eldre fotografi.

I ei tid då det fysiske formatet lir under gratis tilgjengelege digitale lydfestingar, er det fleire plateselskap som har valt å gje ut platene i selskap med fyldige teksthefte. I tillegg til Ta:lik har både Heilo/Grappa, Etnisk musikklubb og Sylvartun folkemusikk stått bak fleire slike utgjevingar dei siste åra. Det utgjer ei sunn og attraktiv motvekt mot dei lettvinte løysingane.

Det lyt òg nemnast at Hamre legg sitt eige umiskjennelege lyriske, men nøkterne preg på spelet, noko som gjev prosjektet verdi langt ut over det reint dokumentariske.

Sigbjørn Apeland

Sigbjørn Apeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eystein Hanssen då han talte på LOs representantskapsmøte i 2020, første gong Forfatterforbundet var med som eige LO-forbund.

Foto: Vidar Ruud / NTB

KommentarSamfunn

Forfatterforbundet på ranstokt

Kanskje skulle Forfatterforbundet ha noko å vise til før dei speler ut grådigskapen sin. Som ei byrjing kunne dei offentleggjere medlemslista.

Jan H. Landro

Bjørn Rasmussen vaks opp blant dyr – ikkje minst hestar. Det har forma forfattarskapet hans.

Foto: Frida Gregersen

LitteraturKultur

I fri dressur

Når vi endeleg får lese kontroversielle Bjørn Rasmussen på norsk, handlar det om ei hestejente. Men skinnet bedrar.

Marita Liabø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis