Musikk

Syntpioner ut or gløymsla

Lækjande musikk signert blind reikimeister.

Publisert

Elektronika

Paulina Anna Strom blei fødd blind. Etter ein barndom fyld med lydbøker og klassisk musikk, flytta ho tidleg på 80-talet til San Francisco, der ho begynte å lage musikk med ei stadig voksande samling syntar og andre elektroniske duppedittar. Byen var på den tida sentrum for såkalla new age- og ambient-musikk, men Strom var noko av ein outsider, og fann inspirasjonen hos europearar som Klaus Schulze, Tangerine Dream og Brian Eno.

For tida bur ho saman med ein iguan og jobbar som avstandsreikihealer. Ho måtte nemleg selje musikkutstyret mot slutten av 80-talet, og har ikkje laga musikk sidan. Stroms originale LP- og kassettutgjevingar er ikkje lette å få fatt i, og berre få enkeltspor har dukka opp på sporadiske, obskure antologiar. Godt er det at ho no har blitt løfta fram frå gløymsla og tildelt ein velfortent plass blant dei mange kvinnelege elektroniske musikkpionerane; nokre andre døme er Doctor Who-komponisten Delia Derbyshire, Eliane Radigue, som spelte for fullt hus under Ultima-festivalen i Oslo i fjor, og Pauline Oliveros.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement