Symfonisk

Halgeir Schiager får fram klangrikdomen i tysk romantisk orgelmusikk.

Spelepulten til Hermann Eule-orgelet i Sofienberg kyrkje i Oslo.
Spelepulten til Hermann Eule-orgelet i Sofienberg kyrkje i Oslo.
Publisert

Eg lyt vedgå at eg lenge hadde eit problem med romantisk orgelmusikk, på same vis som eg sleit med å lika romantiske fugar. Det var noko med den reine, sterke og vedvarande orgelklangen som høyrde heime i barokken. Det same galt fugar, som i sitt vesen er logiske og regelbaserte. Romantiske fugar, der dei harmoniske reglane eg var vand med, blei brotne for å gjera dei meir fargerike og uttrykkssterke, kjendest ikkje naturlege.

Heldigvis har eg med åra utvida forståingshorisonten min og kan setja pris på eit album som dette, der Halgeir Schiager spelar tysk symfonisk orgelmusikk skriven mellom 1854 og 1857. Til det har han valt eit høvande instrument: det nye Hermann Eule-orgelet i Sofienberg kyrkje i Oslo, som er inspirert nettopp av tysk orgelbygging på 1800-talet.

Crescendo

Kva ligg så i omgrepet «symfonisk orgelmusikk»? Me høyrer det alt i opningssporet Fantasie (ein Concertstück), op. 47, av Friedrich Kühmstedt (1809–1858). Fantasien byrjar med ein veldig crescendo der musikken gradvis byggjer seg opp frå eit spedt piano til eit kraftig forte. I tillegg endrar registreringa (orgelregistra) seg frå takt til takt, noko som fører til meir klangleg plastisitet enn på barokkorgel. Her er det det «symfoniske» kjem inn: Både når det gjeld dynamiske overgangar og i klangpaletten etterliknar orgelet symfoniorkesteret. Denne tendensen auka i orgelbygginga utover på 1800-talet.

Sidan orgelet var kyrkja sitt instrument, gjekk ikkje utviklinga framover utan motstand, noko Schiager gjer godt greie for i omslagsteksten til albumet. Kom ikkje slikt klangleg «effektmakeri» i konflikt med den ubøyelege orgelklangen som uttrykk for den evige kyrkja? Det hevda til dømes musikkteoretikaren som Schiager referer til, Adolf Bernhard Marx. I 1847 skreiv han at orgelet fyrst og fremst målbar ideala til kyrkja: «Det var i sin uforanderlighet et dogmatisk instrument uten evne til å uttrykke subjektive følelser og gjennom sin egenart best egnet til polyfon musikk med et begrenset dynamisk spillerom.»

Resonans

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement