Symfonisk
Halgeir Schiager får fram klangrikdomen i tysk romantisk orgelmusikk.
Spelepulten til Hermann Eule-orgelet i Sofienberg kyrkje i Oslo.
Foto: Anna-Julia Granberg
CD
Friedrich Kühmstedt, Jan Albert van Eyken, Julius
Reubke:
Orgelmusikk
Halgeir Schiager, orgel. Lawo 2020
Eg lyt vedgå at eg lenge hadde eit problem med romantisk orgelmusikk, på same vis som eg sleit med å lika romantiske fugar. Det var noko med den reine, sterke og vedvarande orgelklangen som høyrde heime i barokken. Det same galt fugar, som i sitt vesen er logiske og regelbaserte. Romantiske fugar, der dei harmoniske reglane eg var vand med, blei brotne for å gjera dei meir fargerike og uttrykkssterke, kjendest ikkje naturlege.
Heldigvis har eg med åra utvida forståingshorisonten min og kan setja pris på eit album som dette, der Halgeir Schiager spelar tysk symfonisk orgelmusikk skriven mellom 1854 og 1857. Til det har han valt eit høvande instrument: det nye Hermann Eule-orgelet i Sofienberg kyrkje i Oslo, som er inspirert nettopp av tysk orgelbygging på 1800-talet.
Crescendo
Kva ligg så i omgrepet «symfonisk orgelmusikk»? Me høyrer det alt i opningssporet Fantasie (ein Concertstück), op. 47, av Friedrich Kühmstedt (1809–1858). Fantasien byrjar med ein veldig crescendo der musikken gradvis byggjer seg opp frå eit spedt piano til eit kraftig forte. I tillegg endrar registreringa (orgelregistra) seg frå takt til takt, noko som fører til meir klangleg plastisitet enn på barokkorgel. Her er det det «symfoniske» kjem inn: Både når det gjeld dynamiske overgangar og i klangpaletten etterliknar orgelet symfoniorkesteret. Denne tendensen auka i orgelbygginga utover på 1800-talet.
Sidan orgelet var kyrkja sitt instrument, gjekk ikkje utviklinga framover utan motstand, noko Schiager gjer godt greie for i omslagsteksten til albumet. Kom ikkje slikt klangleg «effektmakeri» i konflikt med den ubøyelege orgelklangen som uttrykk for den evige kyrkja? Det hevda til dømes musikkteoretikaren som Schiager referer til, Adolf Bernhard Marx. I 1847 skreiv han at orgelet fyrst og fremst målbar ideala til kyrkja: «Det var i sin uforanderlighet et dogmatisk instrument uten evne til å uttrykke subjektive følelser og gjennom sin egenart best egnet til polyfon musikk med et begrenset dynamisk spillerom.»
Resonans
Marx uttrykkjer her noko eg lenge sjølv tykte, for orgelet har unekteleg noko «objektivt» ved seg. Men det tyder ikkje at me ikkje kan leva oss inn i orgelmusikken, at han kan skapa ein resonans i oss som kjennest subjektiv.
Dette greier Schiager å få fram i det siste verket på plata: Julius Reubkes (1834–1858) Orgelsonate «Der 94. Psalm». Det mektige og mørke ved stykket verkar endå sterkare om me har den nemnde bibelske salmen for handa. Han byrjar slik: «Herre, du er ein Gud som tek hemn. Stig fram i stråleglans, hemnens Gud!/ Reis deg, du som dømmer jorda, lat dei hovmodige få det dei fortener!»
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Med jamne mellomrom legg Riksrevisjonen, her representert ved riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, fram undersøkingar med nokså hard kritikk av korleis vedteken politikk vert gjennomført av forvaltinga.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Eit spørsmål om kontroll
I rapport etter rapport kritiserer Riksrevisjonen statlege institusjonar for feil og manglar. Men kva kjem det eigentleg ut av kritikken?
Odd Nordstoga slo gjennom som soloartist i 2004. No har han skrive sjølvbiografi.
Foto: Samlaget
Ein av oss
Odd Nordstoga skriv tankefullt om livet, ut frå rolla som folkekjær artist.
Stian Jenssen (t.v.) var alt på plass i Nato då Jens Stoltenberg tok til i jobben som generalsekretær i 2014. Dei neste ti åra skulle dei arbeide tett i lag. Her er dei fotograferte i Kongressen i Washington i januar i år.
Foto: Mandel Ngan / AFP / NTB
Nato-toppen som sa det han tenkte
Stian Jenssen fekk kritikk då han som stabssjef i Nato skisserte ei fredsløysing der Ukraina gjev opp territorium i byte mot Nato-medlemskap. – På eit tidspunkt må ein ta innover seg situasjonen på bakken, seier han.
President Joe Biden og visepresident Kamala Harris i august 2023. Den økonomiske politikken deira bidrog til å få ned arbeidsløysa, men inflasjonen som tok av i 2022, gjorde større inntrykk.
Foto: Evan Vucci / AP / NTB
Harris blir heimsøkt av inflasjonen
Kanskje vart presidentvalet i USA 2024 avgjort ved bensinpumpene og i matbutikkane.
Noreg er på tredjeplass i kokainbruk i Europa.
Foto: Beate Oma Dahle / NTB
– Meiningslaust å straffe sjuke
Ronny Rene Raveen, tidlegare politimann og rusmisbrukar, vil ha avkriminalisering av rusmisbrukarar og unge opp til 25 år.