¿ Sylvskimrande
To norske songarar gjev oss briljante tolkingar av Schumanns songar.
Komponisten Robert Schumann (1810–1856) portrettert av J. Kriehuber i 1839.
Lytt til artikkelen:
For meg er han den herlegaste av alle songane til den tyske romantiske komponisten Robert Schumann: «Er, der Herrlichste von allen» («Han, den herlegaste av alle»), det andre stykket i lied-syklusen Frauenliebe- und Leben, op. 42. Schwungen og sjarmen er beint fram händelsk, med latent polyfoni i klaverstemma, der ansatsane til imitasjon gjer pianisten til sjølvstendig aktør. Ja, om ein skal trekkja dei lange linene, blir klaveret som koret i ein gresk tragedie, som kjem inn frå sidelina og kommenterer hovudpersonen.
Tolkinga til Marianne Beate Kielland er framifrå. Den mørkt sylvskimrande mezzosopranrøysta hennar, som rundar av alle kvasse tyske konsonantar, blandar seg vakkert med klangen til Nils Anders Mortensens klaver.
Retorisk raffinert
CD-en inneheld tre heile samlingar Lieder, som tyskarane kallar kunstsongane sine: Liederkreis, op. 24, Gedichte der Königin Maria Stuart, op. 135, i tillegg til den alt nemnde Frauenliebe-syklusen. Som byrjing, avslutning og «mellomspel» får me òg fire songar frå samlinga Myrthen, op 25. Med unntak av dei seine Maria Stuart-songane (1852), blei alle verka til i 1840, året som blir kalla Schumanns «Liederjahr». Høg som han var på kjærleiken til Clara (dei gifte seg i Leipzig om sommaren), komponerte han då kring 150 songar.
Albumet er av typen det er vanskeleg å møta med nøytralt sinn, om ein kjenner utøvarane på førehand. Kielland er ein songar som tykkjest duga til alt – den fleksible teknikken hennar høver like godt til barokkmusikk som til musikk frå romantikken og frå vår eiga samtid. Den andre songaren på plata, barytonen Johannes Weisser, har liknande kvalitetar. Det retorisk raffinerte uttrykket eg kjenner frå albuma (og konsertane) hans med 1700-talsmusikk, kjem òg til sin rett hjå Schumann. I tillegg fører den sparsame vibratobruken til uvanleg klangleg klårleik.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.