Sylvklår pipeklang

Gregor Meyer spelar inn Johann Kuhnaus komplette kyrkjemusikkproduksjon.

Felix Mendelssohn-Bartholdys akvarell frå 1838 syner Thomaskyrkja i Leipzig med Thomasskulen framføre til høgre.
Felix Mendelssohn-Bartholdys akvarell frå 1838 syner Thomaskyrkja i Leipzig med Thomasskulen framføre til høgre.
Publisert

Musikkbyen Leipzig har si eiga musikalske tidsrekning, nemleg før og etter at J.S. Bach i 1723 overtok den prestisjetunge stillinga som kantor ved Thomaskyrkja. Thomaskantoren budde og arbeidde ved Thomasskulen, ein internatskule for musikalsk gåverike gutar – det er det store, gulkvite bygget me ser framføre kyrkja på akvarellen over, som komponisten Felix Mendelssohn-Bartholdy måla i 1838.

Thomaskantorane blir ordna etter prinsippet «den tredje etter Bach», til dømes, eller omvendt, «den siste før Bach». Og det er musikken til den direkte forgjengaren i kantorstillinga, Johann Kuhnau (1660–1722), som vokalistane i Opella Musica og instrumentalistane i Camerata lipsiensis her spelar, under leiing av Gregor Meyer.

Godkjent av Kuhnau

Meyer er ikkje berre ein utmerkt dirigent, men òg organist. Orgelet me høyrer på plata, står i småbyen Rötha utanfor Leipzig og blei den 8. november 1721 godkjent av Kuhnau personleg (gjennom prøvespel). Denne detaljen gjer albumet ekstra interessant. Det er jo ikkje ofte me får høyra musikk framført på eit konkret instrument som komponisten sjølv kjende og gjekk god for.

Så langt er Meyer komen til volum seks i serien der alle kyrkjemusikkverka til Kuhnau blir innspelte for fyrste gong; den siste CD-en skal etter planen koma ut til 300-årsdagen for Kuhnaus død neste år. Albuma teiknar eit godt bilete av denne interessante overgangsfiguren i tysk kyrkjemusikk: Med den eine foten står han i den gamle 1600-talstradisjonen, der bibeltekstar blir sungne kunstferdig fleirstemmig. Med den andre foten står han i den «moderne» 1700-talstradisjonen, der nydikta religiøse tekstar blir framførte som ariar og resitativ.

Virtuos trombone

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement