Sufjans

Sufjan Stevens vender tilbake til songane på Carrie & Lowell.

Publisert

Vel to år har gått sidan septemberkvelden då Sufjan Stevens bergtok publikum i Oslo Spektrum med songane frå Carrie & Lowell, plata som vart sett på som ei av hans aller sterkaste, straks ho kom ut våren 2015.

No vel Stevens å vende tilbake til materialet frå denne perioden i livet. The Greatest Gift vert lansert som ein «mixtape» snarare enn ei ny utgiving, som ein alternativ inngang til den slitesterke, vesle songskatten han laga etter at mora gjekk bort i 2012.

«Å syngje sorga si er å kle seg naken», skreiv eg på desse sidene om Carrie & Lowell då plata kom ut: «Utan stort å gripe til famlar ein etter det som var, etter spor og restar.» Albumet var sparsamt i uttrykket, høveleg dempa, og då artisten framførte songane i Spektrum, var det noko av ein prestasjon at han makta å halde på intimiteten i møtet med eit arenapublikum.

Slektskap

The Greatest Gift er eit fint addendum til Carrie & Lowell, og det av fleire grunnar. Eg ville ikkje ha bytt ut nokon av dei elleve songane Stevens i utgangspunktet valde ut, men ser også at eit par av dei som ikkje fekk plass, er av høg kvalitet, som «Wallowa Lake Monster», som har fått innleie denne mixtapen, og som rett og slett er ein fantastisk låt. Nesten like god er «The Hidden River Of My Life». Begge songane er utstyrte med herleg uregjerlege seine parti, der komposisjonane opnar seg og forflyttar seg inn i nye lydlege univers.

Det er også spennande å høyre nokre av dei nedstrippa songane på Carrie & Lowell remiksa, og registrere at dei toler meir luft og liv, meir rørsle i uttrykket. Nøkkelsongen «Drawn To The Blood» er å høyre i to vidt ulike nye versjonar, kvar med individuell identitet, om enn med sterkt slektskap til kvarandre.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement