JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Stringent barbari

Det er eit djupt orkestralt sug i Mariss Jansons’ Stravinskij-tolking.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Utsnitt frå ei kostymeteikning til urpremieren av balletten Eldfuglen frå 1910, som var Stravinskijs gjennombrotsstykke i Paris.

2860
20191011
2860
20191011

CD

Igor Stravinskij:

Le sacre du printemps, L’oiseau du feu

Symphonieorchester des Bayerischen Rundfunks; dir.: Mariss Jansons. BR Klassisk 2019
Jamføring: Bergen Filharmoniske Orkester / Litton
BIS 2011

Det var eit tid kring overgangen til 1900-talet då parisarane elska alt primitivt og eksotisk. Ein merka det i arkitekturen, i biletkunsten og i moten – og i musikken. Då eit javanesisk gamelan-­orkester, eit ensemble av ymse indonesiske slagverksinstrument, vitja verdsutstillinga i byen i 1889, strøymde folk til for å oppleva dei svevande klangbileta og framandarta melodiane. Melodikken var her ikkje tufta på dur- eller mollskalaar med sju tonar, som hadde vore modus operandi for vesterlandske komponistar sidan 1600-talet, men på femtoneskalaen me kallar «pentatonisk» (penta tyder «fem» på gresk – ein får fram skalaen ved berre å spela på dei svarte tangentane på klaveret).

Heidensk ritual

Noko pittoresk eksotisk venta dei seg vel òg, parisarane som strøymde til premieren ved Théâtre des Champs-Elysées 29. mai 1913. Her hadde den russiske impresarioen Sergej Djagilev koreografert ein ballett med namnet Le sacre du printemps, Vårofferet, som handla om heidenske ritual hjå førkristne slavarar. Musikken stod den unge landsmannen hans, Igor Stravinskij, for. Men seansen blei alt anna enn pittoresk. Det læt rått, jamvel barbarisk i øyro til det forfina parisarpublikumet, som reagerte med piping og tumultar.

Kva konkret var det som støytte dei? Dette får me ein peikepinn på når me lyttar til plata med det bayerske kringkastingsorkesteret og dirigent Mariss Jansons, eit live-opptak som òg inneheld Eldfuglen (1910), Stravinskijs gjennombrotsstykke med Djagilev.

Klårleik

Våre moderne øyro er vande med litt av kvart. Likevel er det noko uhøyrt rått ved Vårofferet, som i fyrste line har med rytmikken å gjera. I lange parti er rytmane det dominerande elementet, på kostnad av melodikken – ja, stundom nyttar Stravinskij orkesteret som eitt einaste stort slagverkinstrument, til dømes i andresatsen «Vårens forvarsel. Dansen til ynglingane». Det er her ein veldig klårleik i Jansons’ framføring, eit slags stringent kaos, som me òg merkar i sistesatsen «Offerdans. Den utvalde», der me møter ungjenta som skal ofrast gjennom at ho dansar seg i hel.

Korleis står så Jansons’ framføring seg i høve til andre gode innspelingar? Eg har jamført med Bergen Filharmoniske Orkesters innspeling med Andrew Litton frå 2011 og merkar eit djupare sug hjå Jansons, med stødigare orkestrale støyt. Nemnast må òg dei framifrå treblåsarane i München-orkesteret. Særleg solofagotten, med sine merkelege melodiar, maktar å få fram det vare og vakre i barbariet.

Sjur Haga Bringeland

Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikk­meldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!

Foto: Per Løchen /NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Mat på nasjonaldagen

Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?

Teikning: May Linn Clement

Kultur
Frank Tønnesen

17. mai-pengar

«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis