Strengt og fritt
Dans les arbres er ute med fjerde plate sidan debuten i 2008.
Ingar Zach, Ivar Grydeland, Christian Wallumrød og Xavier Charles på Nebbenes.
Foto: Sofa
Samtidsmusikk
Dans les arbres:
Volatil
Xavier Charles, klarinett; Ivar Grydeland, elektrisk gitar; Christian Wallumrød, piano; Ingar Zach, slagverk. Sofa
Etter to plater på tyske ECM gav norske Hubro ut den tredje, medan den nyaste ikkje berre inneber nok eit skifte av plateselskap, til Sofa (også norsk); det er dessutan eit konsertopptak (frå Bologna).
Ukonvensjonelt
Og etter 150 konsertar over store deler av verda er det ikkje av vegen å høyra korleis det læt når Dans les arbres spelar med publikum til stades. Men det er stor skilnad på å sjå denne kvartetten i aksjon og berre å lyda. For sjølv om det vert spelt på velkjende instrument som klarinett, gitar, piano og slagverk, er det stort sett berre klarinetten og slagverket som av og til lagar lydar me assosierer med desse instrumenta. Stort skjuler musikarane lydkjeldene sine gjennom ukonvensjonell bruk, som til dømes preparert piano (manipulering av strengene ved å dempa dei eller stappa framandelement inn mellom dei).
Og nettopp det er noko som gjer plata gjevande å høyra på, sjølv om ei konsertoppleving der ein ser musikarane i uvanleg aksjon med instrumenta, inneber andre gode kvalitetar.
Musikarane har bakgrunn frå ulike typar moderne jazz, men dei fell ikkje for typiske freistingar som lyrisk melodikk, dramatiske utbrot eller å falla til ro i eit felles rytmisk mønster. Det er derimot tale om ein tilstand av lyd, som i dette tilfellet varer i 53 minutt. Og musikarar/plateselskap gjev oss ingen informasjon om korleis musikken er laga, eller om det finst idear bak komposisjonen.
Gode lydar
Dette læt som fri improvisasjon, men kunne like gjerne ha vore spelt etter eit strengt partitur. Men at me ikkje veit noko om bakgrunnen, gjer ingen ting. For under trea til kvartetten med det franske namnet er det rom for alle som er opne for gode lydar – uavhengig av stilartar og tradisjonar.
Sigbjørn Apeland
Sigbjørn Apeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.
Foto via Wikimedia Commons
Monumental pedal
Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.
Trålar utanfor Måløy sentrum.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Barents blues, også et flytende samfunn
Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Overgrep som skakar folkeretten
Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Salman Rushdie har skrive 15 romanar. Den siste boka handlar om knivåtaket på han i 2022.
Foto: Rachel Eliza Griffiths
Ein takk til livet
Salman Rushdie nyttar språket som terapi.