Støv i kjølvatnet
Jackie Lynn vender tilbake med Jacqueline.
Jackie Lynn er namnet Haley Fohr stundom gjer bruk av i eit samarbeidsprosjekt med Cooper Crain og Bitchin Bajas.Jackie Lynn er namnet Haley Fohr stundom gjer bruk av i eit samarbeidsprosjekt med Cooper Crain og Bitchin Bajas.
Foto: Evan JenkinsFoto: Evan Jenkins
Pop/eksperimentell
«Leave no trace and show no face», heiter det i «Traveler’s Code of Conduct» på det nye albumet frå Jackie Lynn.
Reiserådet i songen er ikkje av det slaget ein finn i Lonely Planet. Men så kjem det ikkje akkurat frå ein gjennomsnittsturist heller.
Jackie Lynn er namnet Haley Fohr stundom gjer bruk av i eit samarbeidsprosjekt med Cooper Crain og Bitchin Bajas, når ho ikkje lagar musikk med Circuit des Yeux. Albumet av året har fått tittelen Jacqueline, ei forfransking av bandnamnet, og slik eit snertent uttrykk for identitetsspelet som Fohr utforskar både konseptuelt og performativt i sitt kunstnarlege virke.
Reise og rørsle
Då albumet Jackie Lynn kom for fire år sidan, løfta eg det fram på desse sidene som ei identitetspolitisk røvarhistorie, komplett med cinematiske referansar til ulike mytiske forteljingar frå populærkulturen. Plata var ein slags lydleg roadmovie med eit ekko eller to frå universet til David Lynch.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.