Store landskap
Karima Walker har gjort nesten alt på den nye plata si sjølv.
Karima Walker har laga det nye albumet sitt i heimestudioet.
Pressefoto
Plata har berre 40 minutts speletid, men likevel kjennest det som ein har vore ute på noko av ei reise når ein har lytta seg gjennom Karima Walkers Waking The Dreaming Body.
For sjølv om du kanskje trur du veit kva du har framfor deg i det første møtet med den vevre, innbydande opningslåten «Reconstellated», tek musikken deg snart inn i andre, opnare landskap. «Window I» løyser seg opp i bølgjelyd, og konturane av eit litt anna album enn førsteinntrykket skulle tilseie, tek til å verte tydelege – dette er noko anna og meir enn eit knippe songar.
Multikunstnar
Walker har ei fortid som lyddesignar, og ho har arbeidd ein del på tvers av kunstuttrykk, inkludert både fotografi og film. Desse erfaringane har ikkje berre utstyrt henne med ein eigen sensibilitet, dei har også kome godt med i arbeidet med Waking The Dreaming Body i heilt konkret forstand. Sjå berre på videoen ho sjølv har laga til sporet «Horizon, Harbor Resonance», ein tretten minutt lang instrumental som dreg deg inn med kviskring og dempa orgellydar, og som Walker gir følgje av filmopptak ho sjølv har laga over Rio Grande-dalen, langs grensa mellom New Mexico og Colorado.
Nesten alt som er å høyre på Waking The Dreaming Body, er det Walker sjølv som står for. Opphavleg skulle ho ta med seg materialet i studio i New York, men sjukdom kom i vegen, og deretter var det pandemien som skapte utfordringar.
Kanskje var det likevel til det beste at ho enda med å lage plata sjølv i heimestudioet i Tucson i Arizona? Lag på lag har ho bygd musikken, med gitarar, piano, synth, nokre feltopptak, loops og ikkje minst si eiga stillferdige røyst. Waking The Dreaming Body har med sine omhyggelege, finvovne teksturar fått ein eigen intimitet som kanskje hadde vore uråd å få til i eit tradisjonelt platestudio, med avgrensingar i tid og med kreative forhandlingar med medmusikarar og produsentar. Walker har unngått det tunnelsynet ein slik kreativ fridom kan føre med seg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.