JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Stor musikk frå lita harpe

Stålslått er ei heil plate med solo munnharpe utan dødpunkt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Thov G. Wetterhus har vunne landskappleiken seks gonger.

Foto: Motvind Records

1690
20210625
1690
20210625

Folkemusikk

Thov G. Wetterhus:

Stålslått

Motvind Records

Det er ikkje laga mange plater med solo munnharpe. Og dette vesle instrumentet har òg sine avgrensingar: lydsvakt, grunntonebasert og lite dynamisk spelerom.

Difor er det endå meir gledeleg at Thov G. Vetterhus (f. 1982) frå Numedal har gjeve ut ei uvanleg fascinerande plate som viser kor suggererande dette vesle instrumentet kan fungera i hendene på ein svært god utøvar. At han har vunne Landskappleiken seks gonger, fortel at han er høgt akta i folkemusikkmiljøet, men denne plata vil kunna appellera til langt fleire enn ekspertane.

Det karakteristiske ved munnharpespelet er at grunntonen er konstant, den melodiske variasjonen skjer ved endringar i overtonane. Det rytmiske elementet vert utforma i samspel mellom fingerslaga mot fjøra, dei melodiske rørslene som vert laga i munnhola, og fottrampinga.

Lydteknikar Audun Strype har, i samarbeid med produsent Hans P. Kjorstad, balansert desse elementa slik at den komplekse interaksjonen mellom musikaren, instrumentet og rommet kjem tydeleg fram.

Mange av slåttane har Wetterhus lært seg etter hardingfeleopptak, og det som skjer, er ingen bleik imitasjon, men heilt nye versjonar som står støtt på eigne bein.

Det vert nytta fleire, temmeleg ulikt klingande, munnharper på plata – noko som gjev ein fin variasjon i uttrykket og lydbiletet. Denne plata kan verdsetjast av dei som alt veit ein del om munnharpespel, men samstundes er det ein framifrå presentasjon av munnharpekunsten for nye lydarar.

Sigbjørn Apeland

Sigbjørn Apeland er musikar, musikkvitar og fast meldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
AndreasBjelland Eriksen

Bedre forhold for villreinen

Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis