Stillferdig stilblanding
Evelina Petrova hyllar mentoren Misha Alperin på First Dance.
FOLKEMUSIKK
Evelina Petrova Trio:
First Dance
Evelina Petrova, trekkspel/song; Laura Ellestad, feler; Andreas Rotevatn, trombone/effektar. Heilo
Noregs musikkhøgskule i Oslo var tidlegare kjent som den mest ettertrakta norske utdanningsinstitusjonen for klassiske musikarar. Framleis står den klassiske musikken sentralt der, men i dag er skulen eit møtepunkt for utøvarar og komponistar innanfor mange musikkformer – i dette tilfellet norsk og russisk folkemusikk, element av improvisasjon, minimalisme og moderne jazz (av det lågmælte slaget, vel å merka).
Ofte er det noko søkt over alle desse merkelege samanblandingane av musikalske stilar/tradisjonar som frå før ikkje har hatt så mykje med kvarandre å gjera, men i dette tilfellet verkar det truverdig. Det kan nok ha samanheng med at eit førebilete for trioen er jazzpianisten og komponisten Misha Alperin (1956–2018), som i mange år arbeidde som professor ved Musikkhøgskulen. Og for han var det viktig å hjelpa studentane med å finna eit eige uttrykk, uavhengig av etablerte konvensjonar.
First Dance er i hovudsak basert på komposisjonar av Petrova og Alperin i tillegg til austeuropeiske folkesongar, men sett saman med element av hardingfeleslåttar og droneaktige tromboneklangar som ofte er elektronisk handsama. Syngemåten til Petrova kler dei russiske folketonane, og bakgrunnen hennar som klassisk akkordeonist – med disiplinert estetikk – kler den musikalske heilskapen.
Til saman er dette ein fascinerande vev der ingen av elementa dominerer, men smyg seg stillferdig inn og ut av kvarandre. Dette er ei vakker og verdig hylling av mentoren Alperin, men samstundes er det musikk som står trygt på eigne bein.
Sigbjørn Apeland
Sigbjørn Apeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Tekniske problem mellom Carlsen og Niemann.
Foto: Chess.com
Skandaleduellen
«Før Speed Chess Championship var eg 'gira'. Dette var så spanande som moderne sjakk kan vera.»
Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.
Foto: Sara Johannessen Meek / NTB
Flytterett eller vetorett?
Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.
Den norske komponisten Sigurd Lie (1871–1904).
Klår kulokk
Der er både norsk og tysk nasjonalromantikk i Sigurd Lies romansar.
Gulrotsuppe med eit dryss graslauk og olivenolje.
Foto: Dagfinn Nordbø
Suppehimmelen
«Eg skjønar meg ikkje på kakebakst, for oppskriftene er så biskopstrenge, dei har lite slingringsmon for kreative påhitt.»
Jasmine Trinca i hovudrolla som Maria Montessori, som med ein ny pedagogikk la grunnlaget for montessoriskular over heile verda.
Foto: Another World Entertainment
Traust revolusjon
Det er null nytt i filmen om nyskapingane til Maria Montessori.