Stille natt i to hundre år
Det eldste manuskriptet til julesongen «Stille Nacht! Heilage Nacht!», ført i pennen av presten Joseph Mohr.
Om du slit med å koma i julestemning, kan eg tilrå å ta ein adventstur til Salzburg, slik eg har gjort. I år la eg merke til noko spesielt her: På julemarknaden, i kyrkjene og i butikkvindauga – overalt er det stilt ut saker som har med «Stille Nacht! Heilge Nacht!» å gjera, julesongen me i Noreg kjenner som «Glade jul» eller – i den meir korrekte omsetjinga til Erik Hillestad frå 1990-åra – «Stille natt, hellige natt».
At salzburgarane er opptekne av han, er i og for seg ikkje underleg. Han er kan hende verdas mest kjende julesong, omsett til over 50 språk og utgjeven i eit utal coverversjonar med alt frå Bing Crosby, Johnny Cash og Sinéad O’Connor til Justin Bieber og Beyoncé. Men det spesielle i år er at han har 200-årsjubileum: Han blei urframført i Salzburg-området for fyrste gong på julekvelden i 1818, i den vesle landsbyen Oberndorf. Utruleg nok var blekket på notearka knapt størkna under urframføringa, for musikken blei komponert tidlegare på dagen av Franz Xaver Gruber (1787–1863), bygdeorganisten i Oberndorf, til ein tekst av landsbypresten Joseph Mohr (1792–1848). Organisten og presten framførte han tostemmig, med presten på gitar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.