Still crazy ...
Inderberg har framleis nytt å melda
Den snart 70 år gamle steinkjerbyggen John Pål Inderberg er ute med plate i eige namn. Medmusikantane er dei same som i 2017 på Linjedalsleiken, og ikkje overraskande er repertoaret sett saman frå dei same kjeldene no som då. Her er ein god dose folkemusikk, ditto Lee Konitz og sjølvsagt er Lars Gullin representert. I tillegg er det funne plass til Monks "Pannonica", tittelkuttet "Radio Inderberg" skriven av Fiske og den improviserte Steinkjerscaten "Presentasjon".
Det er langt mellom eigne komposisjonar i katalogen til Inderberg. Likevel er det slik at Inderberg set så sterkt preg på favorittrepertoaret sitt at ein opplever det som at han i det minste er medkomponist. Inderberg har ein uvanleg melodisk og dynamisk sans kombinert eit vell av rytmiske figurar og fraser som er blitt eit lett attkjennande varemerke. På denne plata finn ein eit godt eksempel i "It's You" (Lee Konitz). Etter at Inderberg har spelt gjennom den intrikate første del av temaet, kjem eit virtuost duoparti med trommer og barytonsaks i høgt tempo med ein fleksibel stopp-start rytmikk som ikkje mange kan gjera Inderberg og Mjåset Johansen etter. I den andre Konitz-låten "No Splice" er det Fiske som blir bydd opp til dans.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.