JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Still crazy ...

Inderberg har framleis nytt å melda

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1732
20200522
1732
20200522

Jazz

John Pål Inderberg Trio

Radio Inderberg

John Pål Inderberg, barytonsaks, Trygve Waldemar Fiske, bass og Håkon Mjåset Johansen, trommer.
AMP Music & Records AT068

 Den snart 70 år gamle steinkjerbyggen John Pål Inderberg er ute med plate i eige namn. Medmusikantane er dei same som i 2017 på Linjedalsleiken, og ikkje overraskande er repertoaret sett saman frå dei same kjeldene no som då. Her er ein god dose folkemusikk, ditto Lee Konitz og sjølvsagt er Lars Gullin representert. I tillegg er det funne plass til Monks "Pannonica", tittelkuttet "Radio Inderberg" skriven av Fiske og den improviserte Steinkjerscaten "Presentasjon".

Det er langt mellom eigne komposisjonar i katalogen til Inderberg. Likevel er det slik at Inderberg  set så sterkt preg på favorittrepertoaret sitt at ein opplever det som at han i det minste er medkomponist. Inderberg har ein uvanleg melodisk og dynamisk sans kombinert eit vell av rytmiske figurar og fraser som er blitt eit lett attkjennande varemerke. På denne plata finn ein eit godt eksempel i "It's You" (Lee Konitz). Etter at Inderberg har spelt gjennom den intrikate første del av temaet, kjem eit virtuost duoparti med trommer og barytonsaks i høgt tempo med ein fleksibel stopp-start rytmikk som ikkje mange kan gjera Inderberg og Mjåset Johansen etter. I den andre Konitz-låten "No Splice" er det Fiske som blir bydd opp til dans.

Det er også Inderbergs store forteneste at han greier å formidla dåmen i folkemusikken med barytonsaksofonen. Musikken var ikkje skapt for dette instrumentet, men slik høyrest det ut når Inderberg spelar.

Lars Mossefinn

Lars Mossefinn er lærar ved Voss gymnas og fast jazzmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis