Sterke meldingar
Naissam Jalal spleiser John Coltrane og Midtausten.
Den franske fløytisten, komponisten og orkesterleiaren Naissam Jalal har syrisk bakgrunn. Dette gjorde at ho la noko av musikkutdanninga si til Damaskus, men etter nokre år var ho lei den nærgåande overvakinga til Assad-regimet og heldt fram i Egypt.
Musikken hennar er sterkt prega av impulsane ho fekk frå studieåra i Midtausten. I 2011 danna ho bandet Rhythms of Resistance, og dette bandet har vore eit haldepunkt i ein elles omflakkande musikarkarriere.
Kvintettplata er spelt inn i studio i fjor sommar, medan orkesterplata er henta frå to konsertopptak for vel eit år sidan. Musikken er ein miks av post-Coltrane-jazz og arabisk musikk. Både det melodiske og det rytmiske er sterkt arabiskinspirert. Det kan ein også seia om mykje av frasane til både Naissam og Chaib.
Kvintettplata er den mest interessante fordi det tette samspelet og dei mange fine arrangementsdetaljane kjem så klart til sin rett. «Buleria Sarkhat Al Ard» har ei magisk opning som ein må attende til Dave Hollands «Conference of The Birds» for å finna maken til. «Hymne à la noix» er ein låt sterkt inspirert av Coreas første utgåve av Return to Forever. Det sterkaste inntrykket gjev likevel dei fire siste spora. Dei har alle eit sterkt meditativt preg, og her er Jalal på sitt mest djuptpløyande.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.