Sterke meldingar
Naissam Jalal spleiser John Coltrane og Midtausten.
Jazz
Naissam Jalal & Rhythms of Resistance:
Un autre monde
CD 1: Naissam Jalal, fløyte, ney og vokal; Mehdi Chaib, tenor- og sopransaks og qraqeb; Karsten Hochapfel, gitar og cello; Daniel Varaillon, bass og Arnaud Dolmen. CD 2: Som CD 1 + L’Orchestre National de Bretagne, dir. Zahia Ziouani. CDS 238930
Den franske fløytisten, komponisten og orkesterleiaren Naissam Jalal har syrisk bakgrunn. Dette gjorde at ho la noko av musikkutdanninga si til Damaskus, men etter nokre år var ho lei den nærgåande overvakinga til Assad-regimet og heldt fram i Egypt.
Musikken hennar er sterkt prega av impulsane ho fekk frå studieåra i Midtausten. I 2011 danna ho bandet Rhythms of Resistance, og dette bandet har vore eit haldepunkt i ein elles omflakkande musikarkarriere.
Kvintettplata er spelt inn i studio i fjor sommar, medan orkesterplata er henta frå to konsertopptak for vel eit år sidan. Musikken er ein miks av post-Coltrane-jazz og arabisk musikk. Både det melodiske og det rytmiske er sterkt arabiskinspirert. Det kan ein også seia om mykje av frasane til både Naissam og Chaib.
Kvintettplata er den mest interessante fordi det tette samspelet og dei mange fine arrangementsdetaljane kjem så klart til sin rett. «Buleria Sarkhat Al Ard» har ei magisk opning som ein må attende til Dave Hollands «Conference of The Birds» for å finna maken til. «Hymne à la noix» er ein låt sterkt inspirert av Coreas første utgåve av Return to Forever. Det sterkaste inntrykket gjev likevel dei fire siste spora. Dei har alle eit sterkt meditativt preg, og her er Jalal på sitt mest djuptpløyande.
L’Orchestre National de Bretagne kunne sikkert med litt meir tid fått meir ut av arrangementa til Jalal, men ho har eit stykke veg å gå som arrangør og orkestrator. Her blir musikken boren oppe av sterke solistiske meldingar. Spesielt Jalal sjølv har alltid noko viktig på hjartet. Det er all grunn til å følgja med på Naissam Jalal frametter.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er lærar ved Voss gymnas og fast jazzmeldar i
Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB
Den raude streken i Rafah
Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).
Foto: Terje Pedersen / NTB
Kva er alternativet til EØS-medlemskap?
Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.
Foto: Privat
Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid
«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»
Foto: Hatem Khaled / NTB
Krasnik og eg
Dei som følger debatten, kan sjå to ulike haldningar til Israel og Palestina utfalde seg.