Steppeklang

Christiania Mannskor gjev oss lyden av framande landskap og lynne.

Christiania Mannskor blir dirigert av Marius Skjølaas, som òg har arrangert fleire av stykka på plata.
Christiania Mannskor blir dirigert av Marius Skjølaas, som òg har arrangert fleire av stykka på plata.
Publisert

«Å, du brede, brede steppe/ Store vide/ Å, du moder, moder Volga,/ Volga, du frie» – slik byrjar fyrste songen på Christiania Mannskors Something Borrowed, eit album der dei låner repertoar frå folkemusikken på Island og i Wales, Slovenia, Balkan-landa, Georgia, Romania og – sjølvsagt – Russland, som jo er mannskorlandet par excellence.

Å femna om så mange folkemusikktradisjonar på éi plate er sjølvsagt ei stilistisk utfordring. Men for meg, som ikkje kjenner dei respektive musikalske nasjonalstilane, gjev koret eit truverdig inntrykk. Eit døme er den russiske folkevisa på fyrste sporet: Det breie og vide ved steppene og fridomen ved moder Volga, dette speglar seg i diger korklang med drygt bølgjande vibrato. Det er klangen av Russland.

Vill ridetur

Kvikkare er den georgiske folkevisa «Rytteren», der mannskoristane tek oss med på ein vill ridetur frå Tsjiatura ved foten av Store Kaukasus til Tbilisi. Når det gjeld stemninga, kunne dette vore ein drikkelagssong frå Ronja Røverdatter, samstundes som melodien og arrangementet har arkaiske trekk som minner om vesteuropeisk mellomaldersong.

For dei salmekunnige byr den bosniske folkevisa «En gang gikk jeg til Bembasa» på ei overrasking, for den andre frasen i kvart vers er mest heilt lik «Ingen er så trygg i fare». Ja, salmen lèt seg faktisk syngja på den bosniske tonen, som då kling overveldande melankolsk. Jamnare både metrisk og melodisk enn det kaukasiske og det balkanske er den islandske folkevisa «Sov du, kjære ungen min». På saumlause harmoniar syng koret her om regnet som slår mot ruta i mørket ute, og lavasand som svir det grøne som ein brann.

Gode attdiktingar

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement