Sprelsk Emmeluth
Det fragmenterte heng så til dei grader saman.
Emmeluths Amoeba er leidd av den danske saksofonisten Signe Emmeluth.
Foto: Mathias Winther Kjeldsen
Dansk jazz kan skilta med fleire markante kvinnelege saksofonistar, og Signe Emmeluth tek ein sjølvsagt plass i den rekkja. Dei to platene Polyp (2018) og årets Chimaera på Øra Fonogram har imponert. Ho har verkeleg noko på hjartet og har funne medmusikantar som snakkar same språk.
Plata opnar og sluttar med solo saksofon. Introen hennar på «Squid Circles» er nærast ei programerklæring, der heilskapen stig fram tydlegare etter kvart som solopartiet skrid fram. I ensembledelen tek gitar og piano fatt i dei ulike delane Emmeluth introduserte i soloen. Kvartetten spelar ganske fritt saman og lagar eit flettverk av rytmiske figurar. Mykje av musikken går i støyretning, men luft og rom i musikken er der alltid. Bjorå er fabelaktig i å utnytta instrumentet i alle sine fasettar og er med det med på å gje musikken skiftande karakter – ofte på minimalistisk vis.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.