JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Spor etter ein storspelemann

Musikken til Fel-Jakup er livskraftig to hundre år etter at spelemannen vart fødd.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2009
20210514
2009
20210514

Folkemusikk

Aslak Brimi (redaktør/produsent):

Fel-Jakup – ferdamann med fele

Ta:lik

Det er i år 200 år sidan ein av våre viktigaste spelemenn på vanleg fele vart fødd. Han vart kalla så mangt, men er i dag mest kjend som Loms-Jakob eller Fel-Jakup. Han vidareførte det gamle slåttespelet frå Ottadalen, samstundes som han hadde mykje å seia for spreiinga av det som den gongen var nytt og populært, nemleg runddansmusikken (vals, polka og så bortetter).

Dessutan var han teknisk virtuos og høgt respektert, av mellom andre Ole Bull. Han var ofte på reise og fekk dermed stor påverknad på folkemusikken i andre område, som Røros-traktene, søre Sunnmøre og Nordfjord. Han døydde relativt ung – berre 55 år gamal – men fekk likevel sett djupe spor etter seg.

Mykje har vore skrive om Fel-Jakup tidlegare, og slåttane lever vidare i mange ulike versjonar. Dette CD- og bokprosjektet er ein freistnad på å samla den skriftlege og historiske informasjonen om Fel-Jakup, og å presentera eit klingande døme på korleis musikken kan lyda i dag.

Hovuddelane av boka er sette saman av ein biografisk artikkel av Ivar Teigum og ein artikkel der Rolv Brimi går nærare inn på sjølve slåttemusikken. Her er det òg tatt med ei rekke eldre og nyare noteoppskrifter av slåttar som kan sporast attende til Fel-Jakup.

CD-en kan nærast karakteriserast som ei samleplate, for her er det framføringar av Lom spelemannslag, gruppene Tufskrøkjun, Atterljomen og Rolf Roys, og ni felespelarar og trekkspelarar som spelar anten solo eller duo.

Slik sett spriker produksjonen litt, og det er nok tenkt meir på dokumentasjonsverdien enn på at plata skal framstå som «kunstverk». Men det fine med denne massemønstringa av eit prosjekt er at det viser kor livskraftig denne musikken er, to hundreår etter at opphavsmannen vart fødd.

Sigbjørn Apeland

Sigbjørn Apeland er musikar, musikkvitar og fast musikk­meldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
AndreasBjelland Eriksen

Bedre forhold for villreinen

Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis