Spenner det store lerretet

Torn dyrkar dei lange og dramatiske forteljingane.

Gitarist David Torn har spelt med mange kjende artistar, men han lagar òg lydlandskap og filmmusikk.
Gitarist David Torn har spelt med mange kjende artistar, men han lagar òg lydlandskap og filmmusikk.
Publisert

Gitaristen, komponisten og produsenten David Torn (65) har ei lang og brokete karriere bak seg. For jazzinteresserte nordmenn er han kanskje best kjend som gitaristen til Jan Garbarek ei stund i 80-åra. Han spelar på It’s OK to Listen to The Gray Voice, men Torn bidreg også på ei mengd innspelingar med kjente musikarar som David Bowie, Madonna og k.d. lang. I eige namn er det sikkert mange som minnest Cloud about Mercury (ECM, 1987), men også plata hans frå 2015, Open Sky, på same merke, er verd å merka seg.

Boltreplass til Berne

Trioen som utgjer ryggrada i dette prosjektet, kjenner kvarandre godt frå tidlegare samarbeid. Smith er mellom anna med i Bernes band Snakeoil. Plata er sett saman av tre lange låtar, alle på over 20 minuttar. «Eye Meddle» og «Soften The Blow» er spontant komponerte i studio. Spesielt førstnemnde er eit mektig verk der ringen blir elegant slutta. Her får Berne boltreplass i mengder, og han viser fram eit kreativt register som få andre. Under Berne putrar og kokar det konstant. Torn og Smith lagar eit elektronisk inferno som er krevjande å lytta til, men midtvegs strammar dei opp rytmisk, og dei serverer ein tungrocksekvens det luktar svidd av. Her får spesielt Torn fritt spelerom.

Gjennomkomponert

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement