Spenner det store lerretet
Torn dyrkar dei lange og dramatiske forteljingane.
Gitarist David Torn har spelt med mange kjende artistar, men han lagar òg lydlandskap og filmmusikk.
Foto: Robert Wright / ECM
Samtidsmusikk
David Torn / Tim Berne / Ches Smith:
Sun of Goldfinger
David Torn, gitar, live looping og elektronikk; Tim Berne, altsaksofon; Ches Smith, trommer, tanbou og elektronikk; Craig Taborn, piano og elektronikk (2); Mike Baggetta og Ryan Ferreira, gitar (2); Scorchio Quartet (2) ECM 2613
Gitaristen, komponisten og produsenten David Torn (65) har ei lang og brokete karriere bak seg. For jazzinteresserte nordmenn er han kanskje best kjend som gitaristen til Jan Garbarek ei stund i 80-åra. Han spelar på It’s OK to Listen to The Gray Voice, men Torn bidreg også på ei mengd innspelingar med kjente musikarar som David Bowie, Madonna og k.d. lang. I eige namn er det sikkert mange som minnest Cloud about Mercury (ECM, 1987), men også plata hans frå 2015, Open Sky, på same merke, er verd å merka seg.
Boltreplass til Berne
Trioen som utgjer ryggrada i dette prosjektet, kjenner kvarandre godt frå tidlegare samarbeid. Smith er mellom anna med i Bernes band Snakeoil. Plata er sett saman av tre lange låtar, alle på over 20 minuttar. «Eye Meddle» og «Soften The Blow» er spontant komponerte i studio. Spesielt førstnemnde er eit mektig verk der ringen blir elegant slutta. Her får Berne boltreplass i mengder, og han viser fram eit kreativt register som få andre. Under Berne putrar og kokar det konstant. Torn og Smith lagar eit elektronisk inferno som er krevjande å lytta til, men midtvegs strammar dei opp rytmisk, og dei serverer ein tungrocksekvens det luktar svidd av. Her får spesielt Torn fritt spelerom.
Gjennomkomponert
«Spartan, Before It Hit» er eit verk skrive av Torn og framført av trioen med tillegg av to gitarar, strykekvartett og sjølvaste Craig Taborn på piano og elektronikk. Verket er gjennomkomponert og nyttar tematiske brotstykke, instrumentkarakteristikk og dynamikk til å skapa ein serie kontrastar som driv musikken framover, men også her inngår det heile i Torns lett attkjennande elektroniske univers. Trass i alt det skrivne er her også rom for improvisasjon. Dette er krevjande musikk, men står du i stormen, vert du rikt lønt.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er lærar ved Voss gymnas og fast jazzmeldar
i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto: Dag Aanderaa
Pyntesjuke og luksuslov
Christian Kvart ville styre pynten, krydderet og konfekten.
Miridae, ei bladtege med oval form.
Foto: via Wikimedia Commons
Levande innsikt om døyande insekt
Ein optimistisk tone råder i ei tettpakka faktabok om dystre utsikter for insekta.
Moss–Horten-ferja er den mest trafikkerte i landet. Skjer det noko uføresett, som då dei tilsette blei tatt ut i LO-streik i fjor, veks køane på begge sider av fjorden.
Foto: Terje Bendiksby / AP / NTB
Pengegaloppen i ferjetoppen
Det står ei Norled-ferje her og ei Torghatten-ferje der – innstilte. Ferja, ein livsnerve for mange, er eigd av folk vi ikkje aner kven er, utanfor vår kontroll.
Yrka med det høgste sjukefråværet er kvinnedominerte med relasjonelt arbeid og høge emosjonelle krav, skriv Lill Sverresdatter Larsen.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Langvarig overbelastning gir rekordhøyt sykefravær
«Vi har lenge drevet en dugnad for å holde skuta flytende.»
Teikning: May Linn Clement