Spelmusikk på eigne bein
Forvitneleg spelsoundtrack byd på fiktive folkband, gospelkor og robotvokalistar.
Ben Babbitts musikk til det episodiske eventyrspelet Kentucky Route Zero har fått mykje merksemd, mellom anna i februarutgåva av Bandcamp Dailys Best Ambient-spalte. Mange av spora kan utan tvil kategoriserast som ambient, til dømes «Bureau of Reclaimed Spaces», framført med ein einaste synthlyd, den sekkepipedrivne låta«Xanadu» og den romslege «Hall of the Mountain King», kalla opp etter Griegs kjende dovregubbehall. Det er nesten som ein kan høyre stalaktittane drype.
Innimellom desse kjem meir rytmisk orienterte låtar: «Weird Vector» kunne vore musikken i ein actionfylt 80-tals sci-fi-B-film, og dersom all ventemusikk hadde vore like ven og vakker som «Hold Music», skulle eg gjerne ringt kundeservice og offentlege etatar oftare. Her finst òg ein handfull bluegrass- og folklåtar signerte det fiktive bandet Bedquilt Ramblers. «It’s Too Late», kreditert til robotduoen Junebug and Johnny, er ein hjarteskjerande draumepoplåt. I røynda er vokalen framført av Ben Babbitt sjølv, kraftig manipulert med digitale effektar. Det læt merkeleg autentisk og uverkeleg på same tid.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.