Spelmusikk på eigne bein
Forvitneleg spelsoundtrack byd på fiktive folkband, gospelkor og robotvokalistar.
Elektronisk musikk
Ben Babbitt:
Kentucky Route Zero Original Soundtrack
Annapurna Interactive
Ben Babbitts musikk til det episodiske eventyrspelet Kentucky Route Zero har fått mykje merksemd, mellom anna i februarutgåva av Bandcamp Dailys Best Ambient-spalte. Mange av spora kan utan tvil kategoriserast som ambient, til dømes «Bureau of Reclaimed Spaces», framført med ein einaste synthlyd, den sekkepipedrivne låta «Xanadu» og den romslege «Hall of the Mountain King», kalla opp etter Griegs kjende dovregubbehall. Det er nesten som ein kan høyre stalaktittane drype.
Innimellom desse kjem meir rytmisk orienterte låtar: «Weird Vector» kunne vore musikken i ein actionfylt 80-tals sci-fi-B-film, og dersom all ventemusikk hadde vore like ven og vakker som «Hold Music», skulle eg gjerne ringt kundeservice og offentlege etatar oftare. Her finst òg ein handfull bluegrass- og folklåtar signerte det fiktive bandet Bedquilt Ramblers. «It’s Too Late», kreditert til robotduoen Junebug and Johnny, er ein hjarteskjerande draumepoplåt. I røynda er vokalen framført av Ben Babbitt sjølv, kraftig manipulert med digitale effektar. Det læt merkeleg autentisk og uverkeleg på same tid.
Medan det er fare for at lyttaren får lyst til å spele spelet – musikken manar fram visjonar av lange, solfylte køyreturar gjennom landlege landskap, lynchiansk landsbygdmystikk kring bondegardar, gatekjøkken og bensinstasjonar og kan hende ein og annan UFO-relatert dekkoperasjon – er dette eit lydspor som det absolutt er verdt å lytte til på eiga hand.
Rasmus Hungnes
Rasmus Hungnes er biletkunstnar, trommeslagar og fast musikkmeldar for Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Elektronisk musikk
Ben Babbitt:
Kentucky Route Zero Original Soundtrack
Annapurna Interactive
Ben Babbitts musikk til det episodiske eventyrspelet Kentucky Route Zero har fått mykje merksemd, mellom anna i februarutgåva av Bandcamp Dailys Best Ambient-spalte. Mange av spora kan utan tvil kategoriserast som ambient, til dømes «Bureau of Reclaimed Spaces», framført med ein einaste synthlyd, den sekkepipedrivne låta «Xanadu» og den romslege «Hall of the Mountain King», kalla opp etter Griegs kjende dovregubbehall. Det er nesten som ein kan høyre stalaktittane drype.
Innimellom desse kjem meir rytmisk orienterte låtar: «Weird Vector» kunne vore musikken i ein actionfylt 80-tals sci-fi-B-film, og dersom all ventemusikk hadde vore like ven og vakker som «Hold Music», skulle eg gjerne ringt kundeservice og offentlege etatar oftare. Her finst òg ein handfull bluegrass- og folklåtar signerte det fiktive bandet Bedquilt Ramblers. «It’s Too Late», kreditert til robotduoen Junebug and Johnny, er ein hjarteskjerande draumepoplåt. I røynda er vokalen framført av Ben Babbitt sjølv, kraftig manipulert med digitale effektar. Det læt merkeleg autentisk og uverkeleg på same tid.
Medan det er fare for at lyttaren får lyst til å spele spelet – musikken manar fram visjonar av lange, solfylte køyreturar gjennom landlege landskap, lynchiansk landsbygdmystikk kring bondegardar, gatekjøkken og bensinstasjonar og kan hende ein og annan UFO-relatert dekkoperasjon – er dette eit lydspor som det absolutt er verdt å lytte til på eiga hand.
Rasmus Hungnes
Rasmus Hungnes er biletkunstnar, trommeslagar og fast musikkmeldar for Dag og Tid.
Fleire artiklar
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tendensiøs statistikk om senfølger
Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.