Spel til dans

Ideen om konsertar i virtuelle rom er interessant nok, men Marshmellos musikk er heller uinteressant.

Marshmello hadde konsert i Fortnite-universet førre helg.
Marshmello hadde konsert i Fortnite-universet førre helg.
Publisert

Online-spelet Fortnite Battle Royale er blant dei mest populære i verda, visstnok med over 125 millionar spelarar. Helga for to veker sidan blei kampmekanikken sett på pause medan spelarane, mellombels omgjorde til konsertgjengarar, blei gjenstand for skiftande tyngdekraft då den amerikanske elektronikaartisten Marshmello spelte opp til dans.

Godt dokumentert

Konsertar i spel er ikkje noko nytt. I den dystopiske framtidsbyen i Omikron: The Nomad Soul (1999), til dømes, kunne ein gå på konsert med The Dreamers, eit virtuelt band med digital David Bowie i spissen. Men Marshmellos konsert er den største til no, og må vere den mest dokumenterte konserten i historia: Du kan sjå heile konserten frå eit vell av synsvinklar på YouTube.

Inn i dei ti minutta konserten varte, klarte Marshmello å stappe heile åtte songar og avsindige mengder techno-, dubstep- og popklisjear som lét lik eit tannlaust kompromiss mellom norske Kygos keisame technopop og Skrillex’ frenetiske, kommersialiserte Aphex Twin-inspirerte elekronika.

Opphavsrett

Spelet Fortnite er i seg sjølv klisjéfylt, designa for ein merksemdsfattig kultur og utan mykje originalitet: Til dømes har utviklaren Epic Games blitt saksøkt av i skrivande stund åtte personar som hevdar å vere opphavsperson til dansetrinna spelarane kan trigge.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement