Spanande samarbeid
Dette er ein kvintett med eksepsjonelt potensial.
Saksofonist Joe Lovano, her fotografert under Moldejazz i 2008, og trompetist Enrico Rava er hovudmennene bak kvintetten som har gjeve ut eit konsertopptak frå i fjor.
Foto: Wikipedia og Vidar Ruud / NTB scanpix
Jazz
Enrico Rava / Joe Lovano:
Roma
Enrico Rava, flygelhorn, Joe Lovano, tenorsaks og tarógató, Giovanni Guidi, piano, Dezron Douglas, bass og Gerald Cleaver, trommer. ECM 2654
Denne konsertinnspelinga for knapt eit år sidan markerer truleg byrjinga på eit meir langvarig samarbeid mellom Rava og Lovano. Nokre konsertar med Miroslav Vitous og Tony Oxley hadde ført dei saman på scenen for tjue år sidan, før dei gjennomførte ein kort turné i november i fjor. I mars neste år er det duka for fleire konsertar.
Plata byrjar med dei to velprøvde Rava-låtane «Interiors» og «Secrets». Lovano introduserer temaet på førstnemnde og gjev det ein distinkt blåfarge, før dei to blåsarane utviklar temaet og Rava tek av i eit spørsmål/svar-kor. Rava gjev stafettpinnen vidare til Guidi, og Lovano avsluttar med å utfordra kompet skikkeleg. Her er det mykje som minner om Miles Davis sin seint-60-talskvintett. Også «Secrets» er ei fantastisk plattform for improvisasjon, der Rava syner seg fram på sitt mest inspirerte. Ein litt kantete bassfigur tek oss over i Lovanos karakteristiske blues «Forth Worth», der det er komponistens tur til å slå seg laus.
Rytmeseksjonen har alt. Sjølv om dei ikkje har spelt saman som trio før, ser ikkje dette ut til å hemma dei i særleg grad. Fleksibiliteten synest å vera grenselaus. Dei demonstrerer det titt og ofte, men kanskje på sitt mest elegante i Lovanos «Divine Timing».
Plata blir avslutta med ein medley sett saman av Lovanos «Drum Song», Coltranes «Spiritual» og Harold Arlens «Over The Rainbow». Bandet greier ikkje å tilføra Coltrane-låten det drivet og den energien låten og tolkinga legg opp til, men heldigvis rundar Guidi det heile av med ei inderleg og lyrisk tolking av Judy Garlands signaturmelodi. Ei fin plate, og det blir spanande å følgja kvintetten framover.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er lærar ved Voss gymnas og fast jazzmeldar
i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.