Sorgtung kunstpop
Omformar kjærleikssorg til ariar og basstunge beats.
FKA twigs lagar musikk med element av mellom anna triphop, klassisk kormusikk, R&B-liknande synkoperte beats og snirklande vokal med stort register. Det andre fullengdsalbumet hennar, Magdalene, blei, dersom ein skal tru internettinformasjonen, skrive i ein periode prega av djup kjærleikssorg etter at forholdet med skodespelaren Robert Pattinson tok slutt.
Og vemodig og sorgtung høyrest musikken på plata ofte ut. Eit døme: låta «sad day». I motsetnad til platetittelen (MAGDALENE) er alle titlar skrivne med små bokstavar, som for å understreke den emosjonelle utmattinga – så sørgjeleg er tilstanden at ein ikkje kan makte å halde inne shifttasten.
Medan albumetinneheld nokre ihuga balladar («mirrored heart» kunne nesten vore del av Whitney Houstons repertoar, men FKA twigs’ vokalbruk er mange hakk meir atterhalden og langt mindre bombastisk), er dei tre låtane i midten av albumet, «holy terrain», «mary magdalene» og «fallen alien», med kontrastfylte og tydelege arrangement, høgdepunkta for underteikna.
Sistnemnde kan – rett nok langt på veg på grunn av tittelen – minne om den utanomjordiske operapopen til den blå divasongaren i sci-fi-filmen Det Femte Element. Men FKA twigs’ eksperimentelle kunstpop slektar meir på Björk, med eit innslag av Kate Bush-aktig falsett, enn divaer som Inva Mula og Houston.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.