Sorgtung avslutning
Tenoren Toby Spence, dirigenten Andrew Gardner og Bergen Filharmoniske Orkester under avslutningskonserten i Grieghallen.
Foto: Thor Brødreskift
«Det er vel det mest personlege eg har laga til no.» Dette skreiv den austerrikske seinromantikaren Gustav Mahler (1860–1911) medan han komponerte Das Lied von der Erde, ein seksdelt symfonisk songsyklus for alt- og tenorsolist som Bergen Filharmoniske Orkester under engelske Edward Gardner avslutta årets festspel med i Grieghallen onsdag 5. juni.
Verket er sorgtungt, prega av motgangen Mahler møtte før han døydde: Den fire år gamle dotter hans gjekk bort, antisemittisk intrigering kosta han sjefdirigentstillinga ved Wiener Hofoper, og sjølv fekk han fekk diagnostisert den medfødde hjartefeilen som skulle bli banen hans.
Orkesteret spelte med uvanleg tyngd, særleg i opninga av den siste songen «Der Abschied» («Avskilet»), som inneheld ein uhyrleg dødsmarsj med ovstore trommer og kvass, infernalsk obosolo. Den russiske mezzosopranen Ekaterina Gubanova greidde å hevda seg klangleg mot orkesteret; både ho og den engelske tenoren Toby Spence gjorde inntrykk.
Før pausen fekk me òg eit moderne verk av årets festspelkomponist, sørkoreanske Unsuk Chins Pianokonsert frå 1997, som landsmannen Sunwook Kim tolka med teknisk overskot. Dei orkestrale samklangane og klaverdelen gjekk godt saman, ja, somme stader lét det verkeleg makelaust. Likevel sakna eg Griegs «A-mollkonsert» som avslutning – noko finare signaturverk enn det har ikkje Festspillene i Bergen.
Sjur Haga Bringeland
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
«Det er vel det mest personlege eg har laga til no.» Dette skreiv den austerrikske seinromantikaren Gustav Mahler (1860–1911) medan han komponerte Das Lied von der Erde, ein seksdelt symfonisk songsyklus for alt- og tenorsolist som Bergen Filharmoniske Orkester under engelske Edward Gardner avslutta årets festspel med i Grieghallen onsdag 5. juni.
Verket er sorgtungt, prega av motgangen Mahler møtte før han døydde: Den fire år gamle dotter hans gjekk bort, antisemittisk intrigering kosta han sjefdirigentstillinga ved Wiener Hofoper, og sjølv fekk han fekk diagnostisert den medfødde hjartefeilen som skulle bli banen hans.
Orkesteret spelte med uvanleg tyngd, særleg i opninga av den siste songen «Der Abschied» («Avskilet»), som inneheld ein uhyrleg dødsmarsj med ovstore trommer og kvass, infernalsk obosolo. Den russiske mezzosopranen Ekaterina Gubanova greidde å hevda seg klangleg mot orkesteret; både ho og den engelske tenoren Toby Spence gjorde inntrykk.
Før pausen fekk me òg eit moderne verk av årets festspelkomponist, sørkoreanske Unsuk Chins Pianokonsert frå 1997, som landsmannen Sunwook Kim tolka med teknisk overskot. Dei orkestrale samklangane og klaverdelen gjekk godt saman, ja, somme stader lét det verkeleg makelaust. Likevel sakna eg Griegs «A-mollkonsert» som avslutning – noko finare signaturverk enn det har ikkje Festspillene i Bergen.
Sjur Haga Bringeland
Fleire artiklar
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?