Sonny Rollins sett nordfrå

Nymo, Thormodsæter og Nygård tilfører noko nytt.

Publisert

Sonny Rollins gav i 1957 ut den ikoniske trioplata Way Out West, som det norske trekløveret har lånt tittelen frå. Ikkje berre har dei lånt tittel frå Rollins-plata, men låtane er henta frå den plata og frå Freedom Suite (ei anna trioplate av Rollins frå året etter) med unnatak av Thormodsæters «Eleven». Det høyrer med til soga at Rollins gav ut 14 plater i eige namn i åra 1956–58!

Det er sjølvsagt krevjande å leggja seg så tett opptil to meisterverk som dei fleste ihuga jazzfans kjenner godt, men trioen har søkt noko anna i repertoaret enn det Rollins og dei to trioane hans gjorde. Svært tydeleg blir dette på opningslåten «I’m An Old Cowhand». Hjå Rollins er stemninga oppstemd med eit lett karikerande trommespel av Shelley Mann, medan Nymo og Co. fyller låten med vemod.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement