JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Sonny Rollins sett nordfrå

Nymo, Thormodsæter og Nygård tilfører noko nytt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1681
20200320
1681
20200320

Jazz

Atle Nymo:

Way Out West

Atle Nymo, saksofon; Magne Thormodsæter, bass; Hermund Nygård, trommer
SWEET MORNING MUSIC

Sonny Rollins gav i 1957 ut den ikoniske trioplata Way Out West, som det norske trekløveret har lånt tittelen frå. Ikkje berre har dei lånt tittel frå Rollins-plata, men låtane er henta frå den plata og frå Freedom Suite (ei anna trioplate av Rollins frå året etter) med unnatak av Thormodsæters «Eleven». Det høyrer med til soga at Rollins gav ut 14 plater i eige namn i åra 1956–58!

Det er sjølvsagt krevjande å leggja seg så tett opptil to meisterverk som dei fleste ihuga jazzfans kjenner godt, men trioen har søkt noko anna i repertoaret enn det Rollins og dei to trioane hans gjorde. Svært tydeleg blir dette på opningslåten «I’m An Old Cowhand». Hjå Rollins er stemninga oppstemd med eit lett karikerande trommespel av Shelley Mann, medan Nymo og Co. fyller låten med vemod.

Nymo er den dominerande solisten, slik også Rollins var det. Nymo imponerer med eit oppkome av idear. Den melodiske rikdomen kombinerer han fint med rytmisk tryggleik. Han kan vera med på å forsterka grooven eller velja ei friare tilnærming. Heile tida kjennest vala rette. Også Thormodsæter og Nygård har sine solistiske stunder. Thormodsæters kor på «Freedom Suite» bør nemnast. Elles er Nygård og Thormodsæter perfekt underlag og ditto samtalepartnarar for Nymo. I siste del av «Freedom Suite» rasar dei av garde, men med ein avslappa kontroll med detaljane. Det smakar bra, og her er det rause mål på drammane.

Lars Mossefinn

Lars Mossefinn er lærar ved Voss gymnas og fast jazzmeldar i
Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Jan H. Landro

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis