Songen til elva

Kacy & Clayton og Marlon Williams har laga plate saman.

Kacy & Clayton og Marlon Williams samarbeider på albumet som vert lansert i dag.
Kacy & Clayton og Marlon Williams samarbeider på albumet som vert lansert i dag.
Publisert

Kva for perspektiv er det lyttaren vert konfrontert med i songen «Arahura», oppkalla etter ei elv i New Zealand? Jau, det tilhøyrer sjølve elva, med sjeldne grøne jadesteinar på botnen. Det var maoriane, det polynesiske urfolket, som først oppdaga steinen, som dei kallar pounamu, og forma ein heil kultur rundt det som med tida skulle verte ein lønsam, kontroversiell industri.

Strålande plate

Knapt nokon kan vere betre rusta enn newzealandske Marlon Williams, som er av maoriopphav, til å løfte fram blikket og røysta til elva, med eit tidsperspektiv som er geologisk.

«Arahura» er femte sporet på Plastic Boquet, den strålande plata Williams i dag gir ut saman med Kacy & Clayton.

Eg sperra opp auga då eg først las om dette samarbeidet, for her dreier det seg om artistar eg har skrive om før på desse sidene, kvar for seg, med plater som gjorde sterkt inntrykk på meg då dei kom ut. Då Williams debuterte med Marlon Williams (2016), vart eg meir enn begeistra, for, som eg skreiv den gongen, mannen har røysta til ein engel og bagasjen til eit forkome skrømt. Med ei stilsikker blanding av eigekomponert materiale og velvalde tolkingar stod Marlon Williams fram som eit heilstøypt album og bar bod om ein artist ein ikkje kunne gjere anna enn å følgje med på.

Høg kvalitet er det også over Kacy & Claytons The Siren’s Song (2017), som då plata kom ut, fekk meg til å samanlikne med musikken til Richard og Linda Thompson, både i vokalen og i det særmerkte gitarspelet. Duoen frå Saskatchewan hadde dessutan med seg Jeff Tweedy på plata, noko som ofte er eit kvalitetsmerke i seg sjølv.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement