Songen til elva
Kacy & Clayton og Marlon Williams har laga plate saman.
Kacy & Clayton og Marlon Williams samarbeider på albumet som vert lansert i dag.
Pressefoto
Americana
Kacy & Clayton and Marlon Williams:
Plastic Boquet
New West Records / Border
Kva for perspektiv er det lyttaren vert konfrontert med i songen «Arahura», oppkalla etter ei elv i New Zealand? Jau, det tilhøyrer sjølve elva, med sjeldne grøne jadesteinar på botnen. Det var maoriane, det polynesiske urfolket, som først oppdaga steinen, som dei kallar pounamu, og forma ein heil kultur rundt det som med tida skulle verte ein lønsam, kontroversiell industri.
Strålande plate
Knapt nokon kan vere betre rusta enn newzealandske Marlon Williams, som er av maoriopphav, til å løfte fram blikket og røysta til elva, med eit tidsperspektiv som er geologisk.
«Arahura» er femte sporet på Plastic Boquet, den strålande plata Williams i dag gir ut saman med Kacy & Clayton.
Eg sperra opp auga då eg først las om dette samarbeidet, for her dreier det seg om artistar eg har skrive om før på desse sidene, kvar for seg, med plater som gjorde sterkt inntrykk på meg då dei kom ut. Då Williams debuterte med Marlon Williams (2016), vart eg meir enn begeistra, for, som eg skreiv den gongen, mannen har røysta til ein engel og bagasjen til eit forkome skrømt. Med ei stilsikker blanding av eigekomponert materiale og velvalde tolkingar stod Marlon Williams fram som eit heilstøypt album og bar bod om ein artist ein ikkje kunne gjere anna enn å følgje med på.
Høg kvalitet er det også over Kacy & Claytons The Siren’s Song (2017), som då plata kom ut, fekk meg til å samanlikne med musikken til Richard og Linda Thompson, både i vokalen og i det særmerkte gitarspelet. Duoen frå Saskatchewan hadde dessutan med seg Jeff Tweedy på plata, noko som ofte er eit kvalitetsmerke i seg sjølv.
Fleire utgivingar av både Williams og Kacy Anderson og Clayton Linthicum har følgt, men eg såg ikkje denne kombinasjonen komme – det er langt frå Christchurch til den canadiske prærien. Og likevel kjennest dette musikalske møtet heilt rett frå første tone av Plastic Bouquet, som artistane har arbeidd med saman, og då meiner eg i same rom. Williams forlét sommarvarmen i eige heimland og flytta seg tappert til minus tjue grader i Saskatoon på denne tida for to år sidan, der dei tre skreiv og spelte inn mesteparten av det vi høyrer på albumet, i løpet av ein periode på tre veker. Så, i september i fjor, gjorde dei seg ferdige med det som no er Plastic Bouquet i Nashville.
Formidabelt møte
Det er ikkje alltid eit samarbeid mellom artistar med sterk eigenidentitet får fram det beste i dei, men det er tilfellet med Plastic Boquet. Williams og Anderson byter på å synge og kore for kvarandre, og å syngje saman i duett, som i «Light of Love», alt etter kva ein låt er best tent med, og det er eit formidabelt møte mellom to røyster.
Anderson står fram som ein countryvokalist av beste merke, ikkje minst i tittelsporet, ein klassisk countryballade, og i «Your Mind’s Walking Out». På «Arahura» spelar Williams naturlegvis hovudrolla og minner lyttarar om kva som fekk kritikarar til å hente fram dei store lovorda då han først dukka opp for fire år sidan. Som vokalist minner han mykje om dei største på 1950-talet, som tilførte balladeriet ein balansert, dramatisk dimensjon, som til dømes Roy Orbison. På fleire spor manar nok ein gong Linthicum fram Richard Thompson i sitt spisse, skarpe gitarspel, ikkje minst i opningslåten «Isn’t It».
På tampen av 2020, eit sterkt plateår, dukkar det altså opp eit album som bør finne vegen til mange årsbestelister.
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 og har skrive fleire essaysamlingar om økonomi, politikk og skriftkultur.
Foto: Spartacus
Fall og vekst i Sør-Atlanteren
Morten Søberg er best når han ser vidare enn pengestellet.
I heimen sin på Norneshaugane ved Sogndal har Idar Mo forfatta eit hundretal innlegg om norsk samferdslepolitikk, dei fleste om uforstanden i satsinga på jernbanen.
Foto: Per Anders Todal
Talknusaren og den store avsporinga
For Idar Mo i Sogndal er ikkje buss for tog noko å sukke over. Det er framtida.
Tanya Nedasjkivska i Butsja i Ukraina sørger over ektemannen, som var mellom dei mange myrda sivilistane som russiske invasjonsstyrkar på retrett lèt etter seg langs gatene i 2022.
Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB
«Utan den militære støtta ville Ukraina i dag vore okkupert av Russland.»
Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt
Arvingane til Amundsen
Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.
Hübner (t.v.) mot verdsmeister Karpov i 1979.
Foto: Rob Croes / Anefo
Doktor utan fjas
Den mest akademiske sjakkspelaren i historia døydde sundag 5. januar, 76 år gamal.