Songar om svik

Sunhae Im er suveren i rolla som dronninga av Kartago.

Kraftig koloratur: Den sørkoreanske lyriske sopranen Sunhae Im.
Kraftig koloratur: Den sørkoreanske lyriske sopranen Sunhae Im.
Publisert

Ho er ein av dei største tragiske kvinnefigurane i antikken, skildra i den romerske diktaren Vergils epos Æneiden: Dido, dronninga av Kartago, som blir sviken av mannen ho elskar, den trojanske helten Æneas. Fortvila kastar ho seg på bålet, der ho – for å vera på den sikre sida – drep seg med sverd. Finst der ei betre historie for ein barokk opera?

Den italienske diktaren Pietro Metastasio (1698–1782) lét seg inspirera. Soga handlar om brennande kjærleik versus botnlaus sorg, von versus vonløyse og ikkje minst om konflikten mellom fornuft og kjensler. Det var nemleg pliktkjensla andsynes gudane – pietas på latin – som fekk Æneas til å svikta Dido, for lagnaden hans var å grunnleggja Romarriket. Metastasio nytta historia i sin fyrste libretto (operatekst) Didone abbandonata, «Den forlatne Dodo» (1723).

Uvanleg fleksibel

Metastasios libretto blei tonesett over 60 gonger i operaar og kantatar. Den tyske dirigenten Andreas Küppers og ensemblet Teatro del mondo har difor hatt nok å velja mellom til albumet Didone abbandonata, som inneheld ariar frå ulike Dido-tonesetjingar.

Heltinna blir sungen av den sørkoreanske sopranen Sunhae Im, som er eit namn ein lyt merka seg. For når det gjeld det dramatiske, er røysta hennar uvanleg fleksibel. Dei fleste operasongarar er nemleg enten best i fyrig-dramatiske ariar, eller i dei langsame og følsame. Dette gjeld til dømes den vidgjetne italienske mezzosopranen Cecilia Bartoli. Ho er suveren i virtuose koloraturariar, men i langsame satsar greier ho liksom ikkje å gira ned. Sunhae Im, derimot, får det til, noko som kan eksemplifiserast gjennom to av Dido-ariane.

Truverdige affektar

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement