Songar innanfrå
Kelly Lee Owens vekslar fint mellom det meditative og det suggererande.
Kelly Lee Owens er ein markant låtskrivar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Kim Hiorthøy
Den nye, påtvinga fysiske avstanden mellom oss har endra levesettet og gjort også det å lytte gatelangs til ei ny oppleving. Vi går forbi kvarandre på veg til og frå, godt innpakka i høyretelefonar, gjennom kvardagens mange etappar, utan heilt å gløyme meteren. Det er eit rom musikken til Kelly Lee Owens kan passe godt i, og då ikkje minst det nye albumet Inner Song.
Owens er walisisk og voks opp på kysten, i ein liten landsby, der ho vart oppteken av både naturen som omgav henne, som ho søkte tilflukt i, og poesien. Som 19-åring flytta ho til Manchester og byrja å jobbe som sjukepleiar på eit kreftsjukehus, eit yrke ho kombinerte med festivalverksemd i musikkbyen, før nokre av pasientane hennar oppmoda henne om å satse på musikken.
Norsk plateselskap
Vel eit tiår har gått sidan ho flytta til London, der ho prøvde å få fart på karrieren medan ho arbeidde både i plateselskap og i platebutikk, slik mange håpefulle artistar har gjort før henne. Og jammen om det ikkje vart norske Smalltown Supersound som hadde teft nok til etter kvart å gi ut debutalbumet Kelly Lee Owens (2017).
Oppfølgjaren Inner Song opnar litt overraskande, med ei tolking av det fjerde sporet på Radioheads In Rainbows (2007). Men «Arpeggi» fungerer godt som stemningsskapande inngang til dette albumet, og vi rekk knapt å sakne røysta til Owens før «On» følgjer, eit boblande stykke drøymepop utstyrt med skimrande, delikate vokalharmoniar, som etter kvart aukar intensiteten i rytmesporet til å verte noko meir heftig.
Det går frå kvilepuls til risting med foten på fem minutt – Owens er ein markant låtskrivar og songar, men også ein uortodoks teknoprodusent, ein kombinasjon som gjer henne i stand til å veksle fint mellom det meditative og det suggererande, somme gonger i ein og same song. Er utelivet pandemistengt, er Inner Song både klubben i hovudet ditt og den friske lufta som ventar i natta utanfor.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.