Songar innanfrå
Kelly Lee Owens vekslar fint mellom det meditative og det suggererande.
Kelly Lee Owens er ein markant låtskrivar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Kim Hiorthøy
Elektronika
Kelly Lee Owens:
Inner Song
Smalltown Supersound
Den nye, påtvinga fysiske avstanden mellom oss har endra levesettet og gjort også det å lytte gatelangs til ei ny oppleving. Vi går forbi kvarandre på veg til og frå, godt innpakka i høyretelefonar, gjennom kvardagens mange etappar, utan heilt å gløyme meteren. Det er eit rom musikken til Kelly Lee Owens kan passe godt i, og då ikkje minst det nye albumet Inner Song.
Owens er walisisk og voks opp på kysten, i ein liten landsby, der ho vart oppteken av både naturen som omgav henne, som ho søkte tilflukt i, og poesien. Som 19-åring flytta ho til Manchester og byrja å jobbe som sjukepleiar på eit kreftsjukehus, eit yrke ho kombinerte med festivalverksemd i musikkbyen, før nokre av pasientane hennar oppmoda henne om å satse på musikken.
Norsk plateselskap
Vel eit tiår har gått sidan ho flytta til London, der ho prøvde å få fart på karrieren medan ho arbeidde både i plateselskap og i platebutikk, slik mange håpefulle artistar har gjort før henne. Og jammen om det ikkje vart norske Smalltown Supersound som hadde teft nok til etter kvart å gi ut debutalbumet Kelly Lee Owens (2017).
Oppfølgjaren Inner Song opnar litt overraskande, med ei tolking av det fjerde sporet på Radioheads In Rainbows (2007). Men «Arpeggi» fungerer godt som stemningsskapande inngang til dette albumet, og vi rekk knapt å sakne røysta til Owens før «On» følgjer, eit boblande stykke drøymepop utstyrt med skimrande, delikate vokalharmoniar, som etter kvart aukar intensiteten i rytmesporet til å verte noko meir heftig.
Det går frå kvilepuls til risting med foten på fem minutt – Owens er ein markant låtskrivar og songar, men også ein uortodoks teknoprodusent, ein kombinasjon som gjer henne i stand til å veksle fint mellom det meditative og det suggererande, somme gonger i ein og same song. Er utelivet pandemistengt, er Inner Song både klubben i hovudet ditt og den friske lufta som ventar i natta utanfor.
Treffer tidsånda
Dette spennet er reflektert i både ord og tone, for tekstane på plata nærmar seg det menneskelege med blikk på både det indre og det ytre livet, på sinnsstemningar og på vår interaksjon med det som omgir oss, og då særleg naturen. Med det treffer Owens tidsånda. «Melt!» peikar utvitydig mot øydelegginga av planeten vår, «Re-Wild» mot det å vekse ved å kome i kontakt med noko større enn seg sjølv. Kontrasten er stor til eit spor som «Corner of My Sky», der ein annan walisisk artist, nemleg superveteran John Cale, resiterer nokre liner som vel best kan skildrast som medvitsutvidande.
Då Kelly Lee Owens vart intervjua av The Guardian i vår, fortalde ho om korleis ho hadde laga spelelister for å trøyste kollegaer som var sysselsette i helse og omsorg då ho arbeidde som kreftsjukepleiar. Vi får tru at dei, og mange andre med dei, no finn vegen til Inner Song, som har vorte ein fin kulminasjon av Owens’ mange talent.
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?