Songanesom vi deler

The Unthanks løftar fram songane og dikta til Molly Drake.

Publisert

Kva kan ein song gjere med deg? Det er The Unthanks som stiller spørsmålet, i «What Can a Song Do To You?», opningssporet på den nye plata deira.

Det er eit velvalt anslag. Det er jo forunderleg kva rolle somme melodiar endar opp med å spele i eit menneskeliv – ikkje minst kan ein song knyte individ saman i viktige, små eller store fellesskap.

Songane på The Unthanks’ fjerde utgiving i serien dei har kalla Diversions, peikar mot slike fellesskap, fleire av dei av familiær art. Materialet som er samla på plata, er nemleg skrive av mor til den kjende britiske folkrockmusikaren Nick Drake (1948–74): Molly Drake (1915–93) skreiv både dikt og songar, og dei som såg dokumentarfilmen A Skin Too Few (2000) om son hennar, vil nok hugse at nokre opptak figurerte der, mest for å peike på kor viktige songane hennar var i oppveksten til guten.

Framifrå arrangement

Men songane står seg som noko mykje meir enn mors song ved vogga. For fire år sidan kom Molly Drake, eit lite knippe nære, fascinerande melodiar ho framførte på eit piano på 1950-talet, i opptak laga av mannen hennar. Fleire av desse er også å høyre på plata til The Unthanks, men der dei i originalversjon var rørande enkle og rett fram, har dei her fått ei innpakking som løftar fram og styrkar kvalitetane som bur i dei. Arrangementa på The Songs and Poems of Molly Drake er framifrå – høyr for eksempel på kva bandet har fått til med «Little Weaver Bird».

The Unthanks er ein stabil og påliteleg leverandør av kvalitetsmusikk. Eit par år har gått sidan eg skreiv om Mount the Air på desse sidene, begeistra som eg nok ein gong var over vokalharmoniane til systrene Rachel og Becky Unthank, fødde med sju års mellomrom. Det dreier seg om eit familieføretak: Adrian McNally, komponist, pianist, og produsent, er gift med Rachel. The Unthanks er dermed eit fellesskap som lever saman og samlar seg om musikken.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement