Somme er vakne når du søv

Kinomaskinisten Daniel Knox lagar cinematiske, nattlege songar.

Daniel Knox kjem til Europa neste år.
Daniel Knox kjem til Europa neste år.
Publisert

Noko held meg fast når eg lyttar til Daniel Knox – kanskje er det den mørke røysta hans som krev merksemda mi. (Han kan minne om John Grant.) Kanskje er det stemningane han dreg meg inn i.

Før vi lèt plateåret 2020 sleppe heilt til, tek vi med oss I Had A Wonderful Time, som kom på tampen av fjoråret. Utgivinga er for ein EP å rekne, eller kanskje eit minialbum, for «Vanishing Site», «Hollow», «Room Key» og «Good With Faces» utgjer heile materialet, men desse fire songane åleine har ei samla speletid på vel halvtimen.

Songar i mørkeret

Til januarutgåva av musikkmagasinet Uncut fortel Knox at han likar å vandre gatelangs i heimbyen Chicago og fotografere: «Byen er aller best mellom to og fem om natta, når alle menneska søv. Fuglane, rottene og stinkdyra kjem ut. Du kan høyre fjerne lydar du aldri kan høyre på dagtid». Knox viser også til fotografiet som medium når han skal skildre sine eigne songar: Han prøver å skrive som eit kamera, seier han til det britiske bladet. Det gir absolutt meining når ein høyrer at Knox arbeider som kinomaskinist. Dette er songar som utspelar seg i mørkeret, med sterke biletskapande kvalitetar.

Eg er neppe åleine om å tenkje at ein song som «Room Key» hadde passa godt som musikalsk innslag i David Lynchs Twin Peaks: The Return (2018), eller for så vidt i ein av spelefilmane til den amerikanske regissøren. Koplinga er ikkje rein spekulasjon, for Knox programmerte våren 2017 ein svært omfattande retrospektiv Lynch-serie på The Music Box Theatre i Chicago.

Lagnad

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement