Sommarvarm nostalgi
Calexico og Iron & Wine har laga plate saman.
Calexico, bandet med Joey Burns (t.v.) og John Convertino, i samarbeid med Sam Beam (i midten) som kallar seg Iron & Wine.
Pressefoto
«Det var meg og mi Teresa mot resten av verda», mimrar forteljaren i «Father Mountain», det fine tredjesporet på Years To Burn, det nye albumet frå Calexico og Iron & Wine.
Samarbeid
Years To Burn ber fruktene av eit møte mellom to av institusjonane i indie/americana-feltet, og mellom artistar som er for veteranar å rekne. Sam Beam har kalla seg Iron & Wine med ulike konfigurasjonar sidan han platedebuterte i 2002, og sjølv fekk eg først auga opp for han med Our Endless Numbered Days (2004), ei markant utgiving der han fekk godt fram den dempa, elegante låtskrivarkunsten sin. Joey Burns og John Convertino har laga det mange har kalla «ørken noir», som Calexico sidan midten av 1990-åra, og dei har ei rekkje viktige plateutgivingar bak seg, ikkje minst Feast of Wire (2003) og Carried to Dust (2008).
Det har gått 14 år sidan Beam, Burns og Convertino første gong samarbeidde, med EP-plata In the Reins. Den gongen skreiv Beam alle songane. Sjølv om dei har figurert på platene til kvarandre etter dette (særleg på Beams In the Reins (2005)), og saman tolka ein Dylan-song til lydsporet til Todd Haynes-filmen I’m Not There (2007), representerer Years To Burn den første co-utgivinga sidan EP-en i 2004, og dette er det første verkelege kreative samarbeidet frå botnen av.
Mykje har skjedd sidan midten av 2000-talet, både med Iron & Wine og Calexico, men det dreier seg likevel framleis om artistar som tydeleg har mykje til felles, kanskje særleg i gemytt og i orienteringa mot eit estetisk uttrykk som ber i seg spor frå begge partar, og som slik verkar utfyllande og nyanserande. Ikkje minst vert dette tydeleg i «The Bitter Suite», som både høyrest ut som klassisk Beam og Calexico, ikkje minst takk vere det spanskspråklege vokalbidraget til Calexico-trompetist Jacob Valenzuela.
Varm glød
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.